Skal opna Etnemarknaden

Etnemarknaden trekkjer publikum i store tal både frå Rogaland og Hordaland, og sju parti har […]

Etnemarknaden trekkjer publikum i store tal både frå Rogaland og Hordaland, og sju parti har booka seg inn med stands på Etnemarknaden. Dei fleste satsar topptungt, med listetoppar og kampkandidatar frå begge dei store vestlandsfylka på stands. Andre parti fokuserer mest på Hordaland.
Ap håpar å få på plass dei tre listetoppane frå kvart av fylka, i løpet av ein firedagars valkamp på marknadsområdet. Frp og Høgre satsar også friskt. Det er ikkje utenkjeleg at både Carl I. Hagen og Jens Stoltenberg er å sjå på stands etter paneldebatten torsdag. Lokalpolitikarar frå fleire parti opnar for ei og anna overrasking. Det er berre å halda eit auge med kven som dukkar opp under partilogoane dei fire marknadsdagane.
Samstundes med stortingsvalet er det ekstraordinært kommunestyreval i Vindafjord og Ølen. Den første ordføraren for nye Vindafjord skal veljast direkte, og dei fem store partia stiller med kvar sin kandidat.
Dermed er det duka for tre val samstundes for ølensbuar og vindafjordingar. Fleire av partia trekkjer inn partifellene sine i nye Vindafjord på arrangørsida. Dei reknar det som sikkert at ordførarkandidatar og andre politiske håpefulle i den nye nabokommunen kjem til å nytta sjansen til å vera på Etnemarknaden for å treffa flest mogleg av veljare sine.