Skal setja jetfart på Etne

I alle fall om innbyggjarane tenner på Egil Ørjan Thorsen sin nyklekka plan for å […]

I alle fall om innbyggjarane tenner på Egil Ørjan Thorsen sin nyklekka plan for å fart på reiselivet i Etne.
Thorsen er nyleg tilsett som prosjektleiar innan reiseliv og landbruk i Etne kommune. Nyleg inviterte han til ope møte på Fugl Fønix hotel for å presentera seg sjølv og prosjektet. Før møtet hadde han gjennom Grannar varsla at han ville presentera eit heilt unikt prosjekt som etter hans visjon skulle vera med og setja Etne på kartet.
Om det var det som lokka etnebuen og tilreisande ut eller ikkje skal vera usagt, men folk strøymde til hotellet i hopetal. Sjølv om det etter kvart blei både trongt og varmt i konferansesalen, var det eit lydhøyrt publikum, samansett av nær sagt alle yrkesgreiner, som lytta til det Thorsen hadde å fortelja.

Merkevare
Prosjektet har ei tidsramme på tre år, frå mars 2006 til mars 2009. På den tida skal Thorsen, saman med bygdefolket og andre samarbeidspartnarar, byggja Etne som merkevare. Thorsen meiner Etne har eit godt utgangspunkt, men det er mange utfordringar under vegs. Etter hans syn er Etne lite spissa som reisemål. Det første han såg av Etne då han kom austfrå, var eit haglskote informasjonsskilt i Rullestadjuvet. Men dette skal det nå rettast på. Det første som skal komma er nye reiselivsstativ langs vegane i Destinasjon Haugalandet sine medlemskommunar.
— Min første ide er å knyta saman destinasjonen Etne til eit reiselivsbasert scenario. Potensialet er stort, med eit fantastisk landskap og flott natur, rik kulturhistorie og mange etablerte nisjer. Eg har merka meg at her er mange kreative næringsdrivande, eit rikt barneliv, mange unge menneske, tradisjonsmat og kultur og mange med høg kompetanse. Dessutan har Etne nærleik til Europa og andre store marknader og destinasjonar. I dag er det mange som kjører forbi til andre reisemål då dei ikkje finn nokon grunn til å stoppa her, sa Thorsen i si oppramsing av det kommunen har å by på.

Jetbåt som fyrtårn
Men det står utfordringar i kø.
— Det er mange små aktørar, men overordna samarbeid er fråverande. Turistinformasjonen er på langt nær god nok og det manglar infrastruktur. Og så manglar kommunen eit fyrtårn. Noko som er lett å identifisera seg med. Ei god profilramme. Etne treng eit kjerneprodukt, oppsummerte Thorsen og sleppte «bomba» slik han hadde lova i førevegen.
— Ein jetbåt kan vera med og skapa fart og spenning. Den kan setja landskapet i fokus frå fjorden, ivra Thorsen og viste til New Zealand, som har gjort stor suksess med å nytta jetbåtar i reiselivssamanheng.
— Dersom nokon i Etne tenner på ideen, blir Etne den første staden i landet som får ein slik båt. Den kan gå rundt 360 grader og gjera ein fart på 50-80 knop. Den har høg driftstryggleik og kan nyttast i eit transportsystem som omfangar heile kommunen, sa Thorsen, og såg for seg turar på sjøen frå Etne til Skånevik, innover Åkrafjorden med stopp ved Langfoss og på Eikemo.
Etter Egil Ørjan Thorsen sitt innlegg, presenterte Per Martin Kjellesvik planane for Halvfjordingen på Rullestad medan Nick Jacobsen orienterte om Etne Laks.
Etterpå fekk dei frammøtte smakebitar på tradisjonsmat frå Etne servert og presentert av hotellet sin kokk, Bernt Enge.