Skal vake over narkotikamiljøet

Når politibetjent Hans Gunnar Meland i desse dagar startar på eit eitt års vikariat i […]

Når politibetjent Hans Gunnar Meland i desse dagar startar på eit eitt års vikariat i distriktet vårt med fokus på stoffmiljøet, kjenner han miljøet og veit kor dei fleste både brukarar og seljarar er å finne.
— Ja, etter 18 år i Haugesund og tre år i Tysvær, der eg også har hatt stoffproblem som hovudfelt, veit eg mykje om kva som rører seg, seier han.
Nå er han å finne på lensmannskontoret i Ølen. Der skal han registrere kva som rører seg i distriktet, kartleggje dei som bringer stoffet inn, brukarane og finne fram til dei som begynner å eksperimentere med det.
— Er det stor skilnad på Haugesund og vårt distrikt?
— Nei, pyramiden er den same. Haugalandet er ikkje så stort, og området her inne er berre eit miniformat av kva som skjer i byen. Ein får kjapt ei oversikt over kor dei einskilde er å finne. Det gjeld både i byen og her.
Han kan ikkje seie kor mange som bruker stoff i vårt distrikt i dag, men det håper han å kunne gi svar på om eitt år.

Foreldra må følgje med
— Men heilt sikkert er det at det er for mange som bruker narkotika, og han ber foreldra vere på vakt.
— Det er ikkje uvanleg at foreldre seier at ein må hugse når ein sjølv var ung, men mykje har endra seg på desse åra, seier han. Han ber foreldre vere obs på kor ungane er om kveldane og i helgane. Kven dei er saman med, og så må dei setja klare grenser. — Følg også med i kva tilstand ungdommane er i når dei kjem heim, og om dei endrar åtferdsmønster. Er det noko, må dei ta kontakt. Det treng ikkje bli noka sak om dei gjer det, seier han. Foreldra trur mange gonger for godt om borna sine, meiner han.
Han minner om den tragedie det er å få ein narkoman i familien.
— Kva har endra seg mest på dei 20 åra du har jobba i politiet?
— Storleiken på sakene har auka veldig. Før var det snakk om beslag på gram. Nå er det ikkje uvanleg at ein finn både hektogram og kilo.
Han fortel at dei som omset stoff, også i all vesentleg grad bruker stoff sjølve.
— Det er veldig sjeldan nokon sel stoff reint retta mot profitt.
— Føler du av og til maktesløyse over eit problem som synest å stadig bli større?
— Nei, når eg veit kva ein narkoman kostar samfunnet og lidingane vedkomande gir ein familie, er arbeidet eg driv meiningsfullt. Greier eg å redda ein ungdom frå å hamne i narkotikauføret, har eg gjort jobben i mi yrkeskarriere, seier han.

Verkemiddel
Når det gjeld verkemiddel mot brukarmiljøet, vil det bli aksjonar.
Slike aksjonar verkar preventive, mange blir redde og skremde vekk.
Samtaler med den einskilde som er på veg inn i miljøet, verkar også godt.
Men for at arbeidet han driv skal bli best mogleg, ønskjer han informasjon.
— Ja, ei god hjelp, er tips frå lokalsamfunnet. Dess meir vi får melding om, jo meir kan vi gjere, seier politibetjent Hans Gunnar Meland.