Byggjeland til hus, hytter og andre føremål er det rikeleg av i Skånevik. Lett tilgjengelege strandareal som høver til sjørelaterte verksemder av ymse slag, er det derimot lite att av og må derfor disponerast til slike føremål. Heilårs- og fritidsbustader samt vanlege næringsbygningar kan liggja i «innlandet», men t.d. båthamner må nødvendigvis liggja ved sjøen.
Grunnarealet ved sjøen mellom Kathinkahuset og Trelasten (G.nr. 136,4,5,6) var avsett til småbåthamn både på den opphavelege reguleringsplanen frå 1991, på endra plan 1 og på endra plan 2, som nå ligg føre. Dette kan ikkje vera 3 tilfeldige vedtak, som har vore kjende i 14 år. Men på møtet i Komite Natur 21.04.2005 blei det fremja eit benkeforslag som opnar for utviding av eksisterande, gamle bygningar og oppføring av nybygg med høgder hhv 9 moh og 6 meter. Føremålet er Bustad/forretning/kontor. Dette framlegget er stikk i strid med gjeldande reguleringsplan og fagetaten i kommunen si vurdering og innstilling. Det er uvanleg og uforsvarleg på basis av kjappe benkeforslag seriøst å utvikla ein viktig reguleringsplan som skal gjelda i generasjonar. Det er her ikkje snakk om småbåthamn eller ikkje småbååthamn. Spørsmålet er om strandsona skal byggjast ned nå, utan tanke på miljø og framtidige behov. Blir dette forslaget vedtatt, vil vegfarande på Toflebrekko også missa ein triveleg fjordglytt mellom nåverande bygningar og det merkelege plasserte Kathinkahuset.
Både bygda og Etne kommune må stimulera optimistar som er interesserte og villige til å satsa på utbygging, mellom anna til turistføremål. Derfor bør eigarane av dette arealet få tildelt eit høveleg og godt lokalisert byggjeland der dei kan realisera sine planar.
Den attraktive badeplassen Peparen ligg også innanfor denne reguleringsplanen. Her må sjøarealet i søraust tilleggjast badeområdet ved holmen.
Det er også ønskjeleg med ei oppgradering av strandlinja mellom Peparenbrua og parken.
Eit sertrekk ved Sunnhordlands perle er den fine fysiske og visuelle kontakten mellom landskapet med folkeliv og fjorden med sjøliv. Det er viktig både for bygdefolket og for tilreisande at gamle tradisjonar og kvalitetar blir tatt vare på. Sag ikkje av den greina du sjølv sit på!
Etter oppmoding
Jon H. Vannes