Skånevik – ei bygd med positiv utvikling

Eg òg har rett nok oberservert at folketalet går ned og at dermed elevtalet på […]

Eg òg har rett nok oberservert at folketalet går ned og at dermed elevtalet på skulen vert redusert som ein fylgje av det. Eg òg ser at politikarane i årevis har nedprioritert utbetring av vegen mellom sentrum og Tungesvik, og eg skulle så gjerne hatt tunnel til Etne ferdig i nær framtid.
Men du skriv og at Skåneviksprosjektet har vore heilt bortkasta. Då trur eg ikkje du har orientert deg om alle dei positive tinga dette prosjektet har ført med seg. Me som driv i service-bransjen midt i sentrum, var heilt handlingslamma av alle dei negative tinga som ramma oss på kort tid i forkant av dette. Norway Foods vart nedlagt, Trekantsambandet og Folgefonntunnelen vart opna med det resultat at fergetrafikken gjekk ned og hotellet hadde fleire mislykka eigarskifte. Kommunen kom på banen då, og bruka tid og ressursar for å hjelpe Skåneviksamfunnet til å få pusten igjen. Gjennom deira støtte i etableringa av Skåneviksprosjektet, som me hadde glede av gjennom 3 år, vart depresjonstida gradvis viska vekk. Og me var mange som opplevde å få snu svartsynet og dermed såg mulighetene igjen.
Ja, det vart til og med etablert arbeidsplassar. Mange fekk inspirasjon, idear og hjelp til å etablere attåtnæringar innan turisme. Andre fekk ny giv og oppbakking i allereie etablerte bedrifter. Mykje positiv reklame for bygda vart annonsert gjennom filmar på TV, Skåneviks-brosjyre vart laga m.m. Den flotte Villmarksmessa, som har fått mykje mediaoppmerksomhet, var og eit hjartebarn for Skåneviksprosjektet. Mykje anna kunne vore nevnt her, men oppfordrar istaden alle interesserte til å lesa oppsummeringa av kva som vart utretta i sluttrapporten til Skåneviksprosjektet på Skånevik nett. Dette finn du under nyhende i juni 2005.
Her vil me òg finne tal som tilseier at den reelle arbeidsledigheten nå er veldig liten. Faktisk har fleire bedrifter ekspandert, og har dermed fått problem med å få nok folk.
Det er heldigvis mange sambygdingar som ikkje ser så svart på utviklinga i Skånevik som du Ove Viland.
Sjå kva Skånevik Fjordhotel held på med i desse dagar. Det er prosjekt på gong som opnar for tilrettelegging av betre tilbud for båtturisme. Me har sambygdingar som vågar investere i store hytteprosjekt og det kjem stadig fleire til. Me hadde folk som våga opne bensinstasjonen igjen og denne har hatt positiv utvikling i fleire år nå. Fergetrafikken har gradvis auka igjen. I tillegg til Bluesfestivalen har me fått ei årleg Villmarksmesse. Alle desse tinga er med på å snu den negative utviklinga på sikt.
Oppfordringa blir at me prøver å sjå alt det positive som trass alt har skjedd i bygda. Dermed kan me og få overskudd til å ta fatt på alt det som enno ligg ugjort. Negativ tenking er energitappande. La oss bruke dei folka me har valgt inn i politikken på ein aktiv og positiv måte, istaden for å berre sutre om at ingenting blir gjort fra den kanten.
Kanskje kan me alle etterkvart få den gode følelsen av at dette er ei mulighetenes bygd!?

Hildegunn Larsen