Skånevik i sentrum

Personleg trur eg Skånevik etter kvart vil kunna profittera på Åkrafjordvegen (800 millionar kroner), Trekantsambandet […]

Personleg trur eg Skånevik etter kvart vil kunna profittera på Åkrafjordvegen (800 millionar kroner), Trekantsambandet (1.8 milliardar kroner), Folgefonntunnelen (420 millionar kroner), Rullestadjuvet (300 millionar kroner), Halsnøysambandet (350 millionar kroner) og Jondalstunnelen (520 millionar kroner).
Etter kvart kjem Tverrforbindelsen, Fjelbergsambandet, vegen Sauda-Etne, vegomlegginga forbi Røldal, kystamvegen over Tysnes, Rogfast og ei innkorting av vegen mellom Skånevik og Etnesjøen (dersom Etne kommune vil). Særleg Kyststamvegen og Haukelivegen vil etter kvart som investeringane kjem, verka som ein magnet på utviklinga på Haugalandet og i Sunnhordland.
Det er eit ordtak som heiter at trafikk avlar trafikk. Det er eit faktum at Skånevik ligg midt inne i den samferdselsrevolusjonen som føregår/vil føregå i Sunnhordland og Haugalandet. Uansett kor ein bur i dette geografiske området, vil ein etter kvart kunna nå Skånevik innan ein akseptabel tidsavstand. Utbygging av store nye samferdselsprosjekt fører til vegutbetring på dei mellomliggjande traseane. Utbetringstiltaka rett og slett tvingar seg fram fordi ein elles ville få store flaskehalsproblem. Dessutan genererar nye samferdselsprosjekt auka biltrafikk og større trafikk på dei ferjer som ikkje er avløyste – og snøggbåtane.
Det er såleis ikkje utan vidare sikkert at ferjetrafikken på sambandet Skånevik-Matre-Utåker vil gå vidare ned, sjølv etter at perioden med førehandsbompengar på sambandet Sunde-Ranavik-Skjersholmane er over sommaren 2008.
Eg trur ein generell trafikkauke i området kan gje sambandet Skånevik-Matre-Utåker ein vekst, særleg dersom kreative miljø maktar å marknadsføra det aktuelle ferjesambandet – også kva gjeld opplevingsreiser gjennom Odda, Kvinnherad og Etne. I eit slikt rundreiseprogam bør Skånevik framstå som den perla den er.
Etter at Ølen kommune no er blitt Vindafjord kommune, og er blitt ein del av Rogaland fylke, vil det vera naturleg at Skånevik vert endestogg for snøggbåtane i søre/indre Sunnhordland, der kreative krefter får fram ein superterminal i Skånevik, med link mot Haukeliekspressen og kommunikasjonane elles til Hardanger, Haugalandet og Austlandet.
Gjennom arbeidet med samferdselsplanen for Sunnhordland har Hordaland fylkeskommune akseptert ei snøggbåtsatsing på Skånevik. Det bør følgjast opp i eit samspel mellom Etne kommune, Hordaland fylkeskommune og kreative krefter i Skånevik. Skånevik ligg langt frå Bergen, men er likevel ein del av Hordaland fylke, og ei plikt for fylkeskommunen.

Aksel Kloster