Skånevik-jenter i tabelltoppen

I sin tiande kamp på rad kunne Skånevik sitt jentelag, med jenter på fjorten og […]

I sin tiande kamp på rad kunne Skånevik sitt jentelag, med jenter på fjorten og femten år, dra i land sigeren. Ein spanande kamp mot Stord2 fekk liv i både publikum og spelarar. Til pause leia Stord2 kampen med tre poeng, og mange frykta kanskje at Skånevik kunne gå på sitt fyrste tap. Med to minutters utvising til kvart av laga til pause, viste litt om kor hardt dei kjempa ute på banen. Skånevik spela bra, men klarte ikkje å setja ballen bak keeperen i Stord-målet.
Det vart ein tøff kamp med harde basketak der jenter frå kvart lag gjekk i golvet til kvar tid.
Andre omgang byrja mykje betre og jentene fyrte av skotsom gjekk kontant i mål. Målvakt for Skånevik, Bjørg Sævereid, spelte bra og mot slutten hadde ho stengt buret sitt fullstendig og Stord2 fekk ikkje utteljing på ein einaste sjanse. Det var derimot Skånevik sin tur til å lage målfest og nok ein siger.
Irmelin Molnes var god og skaut inn alle straffane Skånevik fekk denne laurdagen. Kampen enda 21 –17 til Skånevik. Dermed held Skånevik-jentene sigersrekka og førsteplassen i divisjonen sin.

Splittar seg til hausten
Trenar Paul Tungesvik var storrnøgd etter kampen og var stolt over jentene sine.
— Dei er veldig treningsvillige. Me trenar to gonger i veka, og om sommaren trenar dei også fotball, seier han. Paul Tungesvik og Svein Sævareide trenar jentelaget, og som er blitt kjempegode og kanskje skulle spelt i ein divisjon høgare.
— Når me byrjar sesongen melder me oss på i ein divisjon. Kanskje me kunne prøvd oss i ein divisjon høgare med eit endå betre nivå, seier Tungesvik. I Skånevik er det eit veldig bra handballmiljø, men mest berre blant jenter.
— Me har 11-, 13- og 15-årslag. Og desse er svært interesserte, noko som gjer godt for idrettsmiljøet i Skånevik, fortel trenaren. Til neste år byrjar åtte av jentene dette laget på vidaregåande skule og flyttar derfor kanskje vekk frå Skånevik.
— Det kan derfor bli litt vanskeleg med lag til neste år, sidan ganske mange flyttar vekk. Men me håpar på å få til eit 15-årslag til neste år også, men då må me kanskje søkje ned nokon av jentene som er med på laget i år.