Maken til danseglede me fekk sjå denne kvelden er ingen sjølvsagt ting i ei vestlandsbygd. Kvar tysdag i sju veker har deltakarane møtt trufast fram i gymnastikksalen på skulen og tatt imot kyndig rettleiing av Julio Andres Nuñes i denne dansen, som hittil hadde vore ukjent for dei fleste av oss.
Heile 26 barn frå 5. til 9. klasse meldte seg på, omtrent like mange gutar som jenter. No hadde dei avslutta fyrste dansekurs arrangert av Trivselgruppa, ei gruppe som blei starta av Skånevikprosjektet ved Leif Arne Løvereide og som blir drive av Julie Røgelstad og Peggy Molnes Kristiansen.
Som namnet seier skal dei arbeida for trivsel blant innbyggarane i bygda. Midlar til arbeidet sitt har dei fått i form av tilskot frå Fylkesmannen i Hordaland og Sparebanken Vest. Peggy og Julie synest det er viktig for ungane å læra seg å dansa og dei er veldig imponert over det store talet på deltakarar, ikkje minst at så mange gutar våga seg ut på golvet. Dei to damene lovar at dei vil prøva å halda fram suksessen, så no kan me andre, både små og store, leita fram danseskoa og begynna å gleda oss.
Med stor takk til arrangøren og ikkje minst til danselærar Julio.
Anita Voster Vannes