Mange prosjekt, og fleire av dei større, er lagt på is den siste tida. Mangelen på oppdrag førte til at dei tretti tilsette ved Skånevikstranda Maskinstasjon fekk permitteringsvarsling i dag.
— Me reknar med å gje jobb til alle fram til jul, så det er ikkje noko akutt situasjon, seier dagleg leiar, Haldor Ebne.
— Førebudde
Utviklinga den siste tida har ført til at svært mange oppdrag er blitt utsette. Mellom anna hadde Skånevikstranda Maskinstasjon ei stor tomt på Karmøy der 4-5 personar skulle vera i arbeid gjennom vinteren. Men prosjektet her blei lagt på is.
— Nå reknar me på jobbane og gjer alt me kan for å halda oss i drift, seier Ebne.
Han er redd at media har svartmalt den økonomiske situasjonen, og gjort folk urolege og skeptiske til å investera. For nokre år sidan var det vanlegvis tre verksemder på anbodssynfaring, nå er dei nærare tjue, fortel Ebne.
— Nå ville me vera førebudde på kva som kunne skje, og nå ser me situasjonen an litt etter kvart. Om eit par veker vil me vera sikre på kva som må gjerast.