Interimsstyret for tunnelen kallar 14. februar inn til folkemøte.
— Formålet med møtet er å orientera om kva tankar interimsstyret har, avklara om folk blir med og stiftar eit tunnelselskap og det at folk ikkje kjem utanom bompengar, seier Victor Carlsen jr., leiar i interimsstyret.
Dersom dei frammøtte seier ja, blir det danna eit aksjeselskap og eit eige styre må veljast.
I oktober blei interimsstyret for tunnel mellom Skånevik og Etne danna etter eit folkemøte og nå er altså eit nytt møte på trappene.
Per dags dato ligg tunnel mellom Etne og Skånevik på vegplanperioden for 2015-2019. Det meiner tunnelforkjemparane er altfor lenge å venta.
— Viss tunnelen står ferdig i 2025, har denne bygda dødd ut så me må forsera han, seier Carlsen jr. utan at han kan seia noko om når det er realistisk å få tunnelen på plass.
Trur på støtte
Det var Turid Straumsøy, leiar i Skånevik idrettslag, som i haust tok initiativet til å få fortgang på sakene.
— Eg har høyrt om tunnelen, men alle seier at det aldri kjem til å skje. Det må skje dersom me skal ha levande bygder. Då må me gjera jobben sjølve, seier Straumsøy.
Carlsen jr. trur at tunnelen kjem til å kosta mellom 400 og 500 millionar kroner, men seier at dette må reknast ut meir nøyaktig. Tunnelen blir om lag fem kilometer lang.
Carlsen jr. er optimistisk med tanke på å få støtte frå andre kommunar som ligg på strekninga frå Indre Ryfylke til Sunnhordland og vidare til Bergen.
Lettare å pendla
— Korleis trur de interessa frå private blir på å gå inn i tunnelselskapet?
— Nå er Skånevik-samfunnet ei dugnadsbygd så me håper det er interesse frå både private og frå næringslivet. Alle må vera interesserte i det når ein ser på gevinsten, til dømes mindre tid og mindre forureining, seier Carlsen jr.
— Ein knyter saman heile kommunen og opnar den samtidig opp for omkringliggande område. Etne kommune har ikkje råd til å ikkje tenka på tunnel, seier Straumsøy.
— Det er ein god del folk som kunne tenkt seg å bu her, men fordi dei får jobb i Ølen eller Ølensvåg blir det for langt. Med tunnel kan ein bu her og jobba andre stader utan at det blir veldig tungvint, seier Roar Knudsen og viser til at med tunnel kan ein pendla frå Skånevik til Kårstø, Vats og Skjold.
At tunnelen må finansierast med bompengar, trur ikkje dei tre tunnelforkjemparane blir noko problem.
— Eg trur at folk er innstilte på å betala bompengar. Tid er forferdeleg viktig i dag, seier Straumsøy.
Utanom Victor Carlsen jr., Turid Straumsøy og Roar Knudsen består også interimsstyret av Sarah Ness Haaland, Kristoffer Vannes, Alf Ove Nilsen, Amund Enge, Ole Strømø, Kjell Grønstad og Geir Grindheim.
Skåneviktunnel i sikte
Interimsstyret for tunnelen kallar 14. februar inn til folkemøte. — Formålet med møtet er å […]