Skapte julestemning

Mykje folk hadde tatt turen på den tradisjonelle julemessa arrangert av Skjoldar IL. Aktivitetar og […]

Mykje folk hadde tatt turen på den tradisjonelle julemessa arrangert av Skjoldar IL. Aktivitetar og program heile dagen, fekk dei besøkjande på julemessa i god julestemning. Utstillarar frå heile distriktet kom med sine produkt for sal.
— Det har vore ei bra julemesse med mykje folk. Alt har gått som planlagt, seier ein fornøgd Anders Rugtveit, ein av arrangørane. Heile dagen var det ein jamn straum der folk kom og gjekk.
— Med full sal er det klart me er nøgde, seier Rugtveit. Julemessa har det same opplegget som dei førre åra, men har i år prøvd å fått inn nokon av sponsorane til Skjoldar IL.
— Nå er det berre husflid og handarbeid som er utstilt, så det hadde vore kjekt å fått inn noko anna i tillegg. Sidan det er sponsorane våre, er det ekstra kjekt om dei vil koma, seier han. Dette året var det ikkje så mange som ville komma, men idrettslaget vil prøva igjen til neste år å få dei til julemessa. Nytt for året var ein utstillar som laga fluger, og hadde opplæring i flugefisking. Dei som ville kunne bli med ut å prøve seg på litt flugefisking på graset.

Teiknekonkurranse
For ungane var det program heile dagen. Teiknekonkurranse var veldig populært, og ungane teikna ikkje berre juleteikningar.
— Me har fått inn 43 kjempe flotte teikningar, noko som er veldig bra, seier Inger Lise Haugen som også sit i styret i Skjoldar IL. Vinnaren av teiknekonkurransen, som vart trekt ut ved loddtrekning, vann ein flott rattkjelke. Dei flotte teikningane vart gitt til Vindafjordtunet, og hengt opp der til stor glede blant dei gamle på tunet.
Om ungane var lei av mykje folk og snakk, kunne dei gå ned i kjellaren og sjå på film. Dagens høgdepunkt, var nok nissen. Han kom i tretida, og hadde med seg godteposar til alle ungane.
— Sjå kva eg har fått! Snop, drops og mandarin, seier ein glad unge. Korpset hadde kledd seg ut med litt juleklede for å få den rette julestemninga på songane dei spelte, noko dei greidde fint. Korpset er ungt med mange aspirantar.

Nøgde utstillarar
Utstillarar kom som på andre messer, frå heile distriktet. Aud Ingrid Flesland kom med sin kunstutstilling frå Etne. Her hadde ho mykje forskjellig kunst med flotte maleri.
— Det er ikkje alle som kjøper nå, men ser seg interessert i kunsten min og tar med seg eit visittkort, seier Flesland. Ho driv med kunsten som ein stor hobby i Etne, og ynskjer ein dag å kunne leve av det å selje kunst. Flesland reiser rundt på mange julemesser og var sist helg på Stord.
— Folk tar kontakt om dei ynskjer noko, mange ser seg ut eit spesielt maleri. Rundt på julemesser får eg selt mest småting som ikkje er så dyrt, seier ho og vil kanskje ta turen til Skjold neste år også. Ein annan utstillar laga juledekorasjonar på hobbybasis. Wenche Hjartnes frå Vikebygd gleder seg til jul då ho kan kose seg med å lage juledekorasjonar.
— Eg har fått selt mykje, og det er bra med interesse rundt dekorasjonane mine, seier ho.