Akkurat kor grensene går i Ølen sentrum m.h.p. kven som må betala og ikkje, veit eg ikkje, så kor retterdig det er lagt opp til der skal eg ikkje uttal meg om.
Eg noterar meg at enkelte av dei som meinar dette er ein uting og ei byrde, ynskjer at alle skal få samme byrde lagt på seg, eg takkar for omtanken.
For å gjera debatten litt meir nyansert så spør eg om dette med eigedomskatt og heng i saman med kva offentlege tilbod som er på den plassen som vert skattelagd.
Me kan jo då ta ei sammanlikning mellom Ølen og Vikebygd ( som eg kjenner best til ).
I Ølen har ein iallefall fylgjande offentlege tilbod:
Vidaregåande skule, Grunnskule ( 1-9), Barnehage, Tannlege, Helsestasjon, Lege, Alders- og sykehjem, Bibliotek, Symjehall, Idrettshall, Kommuneadministrasjon, Kyrkje, samt fleire som eg ikkje kjem i hug.
I Vikebygd har ein desse:
Grunnskule ( 1-7 ), Barnehage, Kyrkje, samt for å ta med alt: småbarnskontroll ein gong i månaden og heimehjelp.
No vil kanskje nokon slå opp i lovar og reglar og sei at dette med offentlege tilbod høyer ikkje med i kriteria for om ein vert skattlagde eller ei, i § 3 i lova står fylgjande:
«Kommunestyret kan berre skriva ut eigedomsskatt i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis, eller der slik utbygging er i gang.»
Av det eg har registrert så er det berre inne i Ølen ein jamt og trutt nyttar høve til å utropa seg til eit stort og kraftig senter, så kanskje det liknar litt for mykje på ein by reint skatteteknisk ?
Eg ser på dette med skatt som ei investering i tryggleik og trivsel, men som all investering så ynskjer eg ei avkastning. Det er verdt å få med seg at det ikkje er sikkert at investeringar ute i periferien (les innbetalt skatt av innbyggjarar) gjev like god avkastning som dei gjort av innbyggjarar nærare sentrum.
Eg plar seie at eg betalar skatten med glede, heller det enn utarming av det offentlege på bekostning av skattelette og auka privat forbruk.
Skal eg seie det samme om eigedomsskatt i all bygder, så må det i framtida vera fleire offentlege tilbod å sjå fram til enn å bli snudd i sengja av ein heimehjelp kvar 14. dag, samt ein avslutning på det heile med kommunal nedspading på kyrkjegarden.
Roald Årvik, Vikebygd