Skeivdemokrati ?

Det er i alle fall eit faktum at det nye kommunestyret er blitt geografisk skeivfordelt. […]

Det er i alle fall eit faktum at det nye kommunestyret er blitt geografisk skeivfordelt. Spesielt ved at det er mest like mange representantar med adresse Imsland/Vikedal som det er representantar heimehøyrande i heile Ølen kommune.
Det er ein klar demokratisk rett å aksjonere ved å «stelle med» listene for å få inn sine representantar. Men, og det er ein viktig bærebjelke i demokratiet: representasjonen i politiske organ skal også avspegle veljargrunnlaget på ein nokonlunde rettferdig måte.
Eg trur vel at det er den gamle kulturen med bygdetenking i samband med lokalval som heng i igjen i Vindafjord, og som har gitt dette skeive utslaget. Skal vi få til eit godt og målretta samarbeid som vil gagne alle innbyggjarane i den nye kommunen, må denne kulturen leggjast vekk til fordel for større grad av heilskapstenkjing. Det bør vere eit mål for alle at kommunestyrevalet om to år skal bere preg av ein slik heilskapskultur.
I den toårs-perioden som ligg føre oss får vi håpe at dei 33 innvalde gjer mine bekymringar til skamme og viser ansvar for heile kommunen, uansett kva adresse dei måtte ha bak namnet. Og ikkje minst at «bygdevalstrategane» får kjøla seg av til meir fornuftige samarbeidshaldningar. Gjerne også med det resultat at vi slepp bygdelister ved valet i 2007!

Gunnar Ulland