Skeptisk til lovnader i eldresak

Dørheim er mellom dei som har gått i spissen for ein protest frå dei pårørande […]

Dørheim er mellom dei som har gått i spissen for ein protest frå dei pårørande i samband med planane om omorgansering av eldreomsorga i nye Vindafjord. Ho er først og fremst kritisk til flytting av demenspasientar frå Ølen til Vats.
Den store debatten blei det ikkje då saka var oppe i fellesnemnda for kommunesamanslåinga tysdag. Saka var i siste liten gjort om til ei orienteringssak, for at politikarane skal få meir tid på seg før dei fattar eit vedtak. Etter ei orientering frå Hilde Haraldseid, stabsrådgjevar for pleie og omsorg i den nye kommunen, lufta politikarane nokon synspunkt og spørsmål.
Eldreråda skal med
Omorganisering av kjøkkentenesta, samanslåing av demensavdelingar og bustadgjering var tema som gjekk igjen. Det blei trekt fram at målet er ei kvalitetsheving innanfor den ressursramma som finst, og at det ikkje dreier seg om innsparingar i eldreomsorga i denne omgang.
Det blei referert til møte med eldreråda i Ølen og Vindafjord måndag. Helge Thorheim, prosjektleiar for kommunesamanslåinga, framhevar at ein uttale derfrå skal med i den vidare prosessen. Eldreråda har uttrykt særleg uro over planane om å produsere mat gjennom kjøling og vakuumering. Ingrid Steinsland (Bjoa bygdeliste) stilte spørsmål ved om det kan gjennomførast ei grundig utprøving av maten før ei eventuell ombygging av kjøkkena finn stad.
— Me har såpass god tid til dette at det vil me kome tilbake til utpå hausten. Me vil trekkje eldreråda sterkare inn i utprøvinga, forsikra Thorheim.
Endring må til
Terje Halleland (Frp) framheva at endringsvegring ikkje nyttar når den nye kommunen skal byggast, og han formulerte seg positivt i forhold til skissene Haraldseid la fram for ei ny eldreomsorg.
— Forslag til endringar blir sjeldan mottatt med begeistring. Me må ha økonomi i bakhand og byggje ein rasjonell og effektiv kommune. Det må gjerast no, viss ikkje kan det komme verre nedleggingar seinare. Me skal ikkje undervurdere den spisskompetansen og det faglege miljøet me kan få. Det er ei utfordring i seg sjølv å få tak i kompetente fagfolk, kommenterte han, og la til at han også ser potensialet i å kunne selje tenester dersom kjøkkena blir bygde om for å rasjonalisere produksjonen av mat til eldre.
Severin Fatland (H) etterlyste innsparingar i samband med omorganseringa. Bustadgjering har vore framme som eit tiltak som kan gje innsparing. Oddvar Haugland (KrF) var kritisk til dette, og han tilrådde at dette temaet ikkje blei tatt vidare no.
— Det vil skape meir uro enn godt, påpeikte han.
Ei slik omgjering av institusjonsplassar til bufellesskap, skal utreiast nærmare før det eventuelt kjem eit konkret forslag på dette.
Framleis kritisk
Dagfinn Torstveit (H) stilte spørsmål ved flytting av demenspasientar til Vats, som er eit av dei sentrale forslaga i planen for korleis eldreomsorga i nye Vindafjord skal sjå ut.
Haraldseid forsikra at ei slik handling vil bli tufta på faglege vurderingar og menneskelege omsyn, og ho sa også at dei som kjenner pasientane er viktige i ein slik prosess.
Peder Lothe (H) lurte på om det kan bli mogleg for dei eldste å få leve ut si tid der dei bur i dag, i tilfelle omorganisering av avdelingar blir vedtatt. Han fekk ikkje noko konkret svar på dette.
Elise Dørheim fekk ikkje nye syn på saka etter å ha vore ein av dei som overhøyrde debatten tysdag. Ho er framleis svært kritisk til å flytte demenspasientar i Ølen vekk frå deira kjende og nære omgjevnader. Medan mange har blitt roa ned av forsikringa om at ei eventuell flytting vil skje med menneskelege omsyn, stiller Dørheim spørsmål ved kva dette eigentleg tyder.
— Det er fine ord, men kva ligg i dei? Dei gjev ikkje meg tryggleik i denne saka, påpeikar ho.