Skibygda Sandeid

Det har gått vel 20 år sidan det interkommunale skianlegget på Fjellstøl i Sandeid, blei […]

Det har gått vel 20 år sidan det interkommunale skianlegget på Fjellstøl i Sandeid, blei opna. Det er her i lysløypa at komande idrettsstjerner kunne ta sine første steg med ski på beina og leggja grunnlaget for det me nå er vitne til. I tillegg står det alltid eldsjeler, pådrivarar og foreldre bak når talent vekst fram. I dette tilfelle er Lars Olav Larsen den som framfor nokon andre har stått på for å få denne urnorske vinteridretten fram i Sandeid og Vindafjord. Som pappa, trenar og sjåfør til Seljestad, Sauda og andre stader med stabile snøforhold, har han brukt av si fritid for at dei unge skal få utøva idretten.

For folk flest i våre snølause bygder, fri for tradisjonar innan vinteridrett, er det vanskeleg å fatta kva prestasjonar dei lokale skiløparane har greidd, og kva arbeid som ligg bak for å nå høgt nasjonalt, for ikkje å seia internasjonalt nivå. Samstundes skal dei ha ros dei som på 1980-talet jobba for å få nokre meter med lysløype på eit lite høgdedrag opp mot Olalihytta. For det er anlegg som skal til for å få fram både breidde og elite. Difor er det viktig at også Etne snart får si lysløype ved Hjørnås, som er meir snørikt enn Fjellstøl. Då kan grunnlaget vera lagt for endå fleire gode lokale prestasjonar i skisporet, og at me kanskje ein dag får ein felles og slagkraftig skiklubb for Skånevik, Sandeid og andre Grannar-bygder. Gratulerer skibygda Sandeid!

La dei få fred!
Til to- (eller fir-) beinte som forsyner seg av tamme ender i Skånevik, Skjold eller andre stader: La dei vera i fred!