Skiltar for kunnskap

— Det er mange som går på tur innover i fjella, og når dei kjem […]

— Det er mange som går på tur innover i fjella, og når dei kjem ned att veit dei ikkje kvar dei har vore. Skilt som viser dei rette stadnamna vil vonleg gjera at kunnskapen arbeider seg inn litt etter kvart, seier Jon Olav Tesdal. Han er ekspert på gamle stadnamn i området og har vore ei god hjelp då skilta frå Kritle til Ilsvatn skulle på plass.
Det har vore ein heil gjeng engasjert i arbeidet med skiltinga, men det er sogelagsleiar Magnus Saltnes som har vore initiativtakar til prosjektet.
— Vi tykkjer det er viktig at gamle stadnamn blir haldne i hevd. Dessutan har vi sett fleire døme på at namn blir nytta feil. Stadnamnet Kritle til dømes høyrer til nede ved parkeringsplassen til Hardeland Kraftstasjon og ikkje oppe ved Raude Kors-hytta. Namnet kjem faktisk av Kritleelva, som igjen har fått namnet sitt fordi ho «kritlar» seg ned mellom steinane.
Turvegar
Heile 21 skilt er spikra på plass. Det fysiske arbeidet med å setja dei på plass er det Tormod Mo som har stått for.
— Tormod er ein dyktig kar som alltid stiller opp. Eg trur ikkje han har lært ordet nei, skryt Saltnes.
Skilta, som er i tre, kjem frå skulen i Skånevik og det er Etne Turlag og Sogelaget som har finansiert prosjektet. Tidlegare har turlaget stått for skilting av dei gamle turvegane i Ryggjalia og Kalheimslia.
I tillegg til nemnde personar har også Karl Grindheim og Øystein Grønstad vore sterkt involverte i arbeidet. Dei er begge bønder frå Grindheim og er særs kjende i området som har vorte skilta.
— Ja, her har vi gått mykje i vår ungdom, stadfestar dei og smiler.
Namn med historie
Heile gjengen er levande oppteken at gamle stadnamn og historiene knytte til dei. Nokre er meir spanande enn andre, som til dømes Marihilder.
— Denne store steinen fekk namnet sitt etter at ei jente som heitte Mari fødde barnet sitt under steinen. Grunnen til at ho fødde der veit eg ikkje, men det kan ha vore fordi ho ikkje torde gå heim med ungen, fortel Grønstad.
Andre plassar igjen har fått namnet sitt av meir tradisjonelle årsaker, som til dømes Bergstølen og Skarstølen etter gardane, og steinen Kjørkjo, som har fått namnet etter den karakteristiske forma.
— Det er det som er så spanande med namn. Dei har som oftast ei historie knytt til seg. Difor er det viktig at dei ikkje går i gløymeboka, strekar Tesdal under.
Oppe ved Ilsvatnet blir siste skiltet som viser veg mot Auastadstølen plassert. Karane er nøgde med arbeidet og unner seg ein kaffikopp med noko attåt.
— Takk for eit vellukka prosjekt, sluttar Saltnes av, før turen går nedover mot Etne igjen. Ved Kritle skil karane lag, men sjølvsagt ikkje før eit knippe fleire historier har vorte utveksla.