Skipsbrann i Ølensfjorden

Tilløp til brann i instrumentpanelet på kystbåten «Fjordskyss», som måndag kveld var på veg frå […]

Tilløp til brann i instrumentpanelet på kystbåten «Fjordskyss», som måndag kveld var på veg frå Ølensvåg med 26 passasjerar til «Eirik Raude» lengre ute i Ølensfjorden, blei hurtig sløkt med pulverapparat av mannskapet. Men passasjerane opplevde ei stund brannen som dramatisk då det oppstod stor røykutvikling om bord. I følgje skipper Morten Nerhus sine uttalar til Haugesunds Avis fekk passasjerane lettare panikk og utløyste to av gummiflåtane.

Politiet i Haugesund fekk første meldinga om brannen klokka 19.38 måndag kveld. Det var frå kystverkskipet «Titran» som via ein annan båt hadde fått melding om brannen. Politiet fekk også melding frå vitne om at det var sendt opp to naudrakettar. Like over klokka 20.00 var passasjerane evakuerte over i «Titran» som sette dei av på Tømmerkaien på Utbjoa. Derfrå blei dei frakta ut til «Eirik Raude» like ved. Politiet hadde ikkje fått melding om at nokon var skada og opplyser at redningsaksjonen føregjekk utan dramatikk. Ein supplybåt slepte «Fjordskyss» til anlegget ved Westcon i Ølensvåg. «Fjordskyss» hadde 26 passasjerar pluss eit mannskap på to.

Operasjonsleiar Torger Stødle ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt seier at brannen vil bli etterforska på vanleg måte ved Ølen lensmannskontor, som får saka oversendt frå politiet i Haugesund.