Det er krava som vart stilte under konsertane verda over laurdag. Bob Geldof, mannen bak Live Aid for 20 år sidan og gigantarrangementet Live 8 laurdag, sitt hovudbodskap frå Hyde Park i London var: «Gi verda mat. Me hungrar etter rettferd. Me tørstar etter ein slutt på nedverding og smerte. I dag syng me ikkje til 5,5 milliardar menneske. Me syng til åtte menn.»
Føremålet me Live 8 er å få folk til å krevja at G8-landa tar ansvar for å motverka fattigdom. Live 8-konsertane var lagt til denne helga fordi G8-møtet i Gleneagles ved Edinburgh byrjar denne veka, frå onsdag 6. juli til 9. juli, med Tony Blair som vert. Kampen mot verdas fattigdom står på dagsordenen. G8-medlemmene er verdas åtte rikaste land med størst påverknad. Det er: Japan, USA, Storbritannia, Canada, Frankrike, Italia, Tyskland og Russland.
Det er varsla aksjonar for å sikra at verdsleiarane tar denne kampen på alvor.
I 1985 var Birham frå Etiopia eitt av barna som blei viste i Live Aid-vidoen, som fekk folk til å gi hundre millionar dollar til arbeidet for dei svoltramma. I går stod ho på scenen i Hyde Park saman med Madonna. Ho er eit levande bevis på at det nyttar å aksjonera.
Live 8-konsertane var ikkje ein innsamlingsaksjon, men ein aksjon for å påverka. I staden for å gi pengar, blei folk oppmoda om å registrera si støtte til aksjonen på live8live.com. Ein konsert med verdas superstjerner skulle ikkje få folk til å gløyma den eigentlege bodskapen. For meldinga var klar. «Me er mange. Me er sterke. Me krev ei meir rettferdig verd.»
Denne veka blir skjebneveke for verdas fattigaste. Milliardar av menneske følgjer spente med på kva verdas åtte mektigaste menn bestemmer seg for. Det er dei som sit med framtida til verdas fattigaste i sine hender. «Det er ikkje kongane og generalane som skaper historie. Men massane i folket», sa Nelson Mandela i si helsing til Live 8. For verdas fattige, og for oss alle: Lat oss håpa at musikken og superstjernene sitt krystallklare bodskap også nådde fram hos G8-mennene. Då var Bob Geldof, og alle dei andre sin innsats på scenen, ikkje berre underhaldning, men eit historisk gjennombrot og starten på ei betre og meir rettferdig verd.