Skjoldar kjempa godt

Fotball, 5. divisjon Skjoldar – Haugar Skjold stadion, Vikaneset 1-0 Jan Bauge (15. min) 1-1 […]

Fotball, 5. divisjon
Skjoldar – Haugar
Skjold stadion, Vikaneset
1-0 Jan Bauge (15. min)
1-1 Haugar (65. min)
1-2 Haugar (78. min)
Dommar: Paul Kaldheim
Tilskodarar: ca 20
Gule kort:
Knut Rødde, Egil Moe og Tjerand Haugen alle frå Skjoldar.

Skjoldar opna friskt mot tabelltopp i 5. divisjon Haugar. Dette førte til at Jan Bauge sette ballen i mål etter 15 minuttars spel. Mange flotte sjansar av Skjoldar følgde, og i andre enden gjorde også Jarle Rødde sitt til at resultatet vart 1-0 til pause. Særleg hadde han ein flott redning i slutten av første omgang.
Etter pause starta skjoldarspelarane friskt igjen, men Haugar pressa meir etterkvart, og etter 20 minuttar utlikna dei. Skjoldar var framleis med, men då Haugar scora til 2-1 ti minuttar seinare, vart det tyngre for Skjoldar. 2-1 til Haugar vart også sluttresultatet, noko trenar Linda Vorre Bråtveit er skuffa over.
— Vi visste dette vart ein kjempekamp, og at vi måtte vinne duellane. Noko som førte til mykje ikkje fint spel. Eg synes vi hengte godt med, men med ein gong vi slappa av, var Haugar der. Spelarane våre hadde mykje vilje, Haugar var effektive, men vi var absolutt med, seier ho.