Skjoldar med vidare

1. kvalik-kamp, Skjoldar – Sunde 2-2 3 min: 0-1 straffe 60 min: 1-1 Egil Moe […]

1. kvalik-kamp,
Skjoldar – Sunde 2-2
3 min: 0-1 straffe
60 min: 1-1 Egil Moe
68 min: 1-2
88 min: 2-2: Hagbart Bauge
Publikum: ca 30

Bortelaget fekk ein god start på kampen då dei etter få minutt fekk straffe då Per Magne Hustoft gjekk rett i kroppen på ein sundespelar innafor 16-meteren. Om det var dette tidlege målet mot seg, eller andre ting som gjorde at Skjoldar aldri klarte å få til noko i 1. Omgang, er uvisst, men heimelaget skal vere glad for at dei ikkje låg under meir ved pause. Eit kvarter ut i andre omgang, sette Egil Moe inn Skjoldar sitt første mål, og det fekk heimelaget til å kvikne til. Skjoldar fekk nå til betre spel og skapte fleire sjansar, også etter at Sunde nok ein gong gjekk opp i leiinga. To minutt før slutt, fekk Skjoldar igjen utteljing, då Hagbart Bauge sette inn Skjoldar sitt andre mål.
— Slik kampen utvikla seg, er vi godt nøgde med uavgjort, seier Skjoldar sin oppmann, Arne Grunnaleite.
— Spelet til Skjoldar var ikkje haldbart, men vi klarte å hente Sunde inn att to gonger, legg han til.
— Grasmatta på Vikaneset må også ta si skuld for det dårlege spelet. Bana er så ujevn og tung at det er vanskelege speleforhald. Neste laurdag er det returkamp i Stavanger, og då går kampen på kunstgras. Ikkje noko ulempe for Skjoldar at kampen går på kunstgras, det har vist seg tidlegare at Skjodlar-spelarane likar seg godt på kunstgras, avsluttar Grunnaleite.