Skjoldar slo alle

Sjølv om Skjoldar og Bjoa spelar lengst nede i divisjonssystemet, var det desse to laga […]

Sjølv om Skjoldar og Bjoa spelar lengst nede i divisjonssystemet, var det desse to laga som spela seg fram til finalen. Mest overraskande var det at Skjoldar slo ut GrannKam, som spelar to divisjonar høgare oppe. Etter at Skjoldar også sigra over arrangørklubben i eit spelemessig antiklimaks av ein finale, kan skjoldspelarane titulera seg som den beste fotballklubben i Nye Vindafjord kommune.
Gode speleforhold
Laga stilte så fulltalige som dei kunne, men det var ikkje til å unngå at nokre spelarar var vekke på ferie denne siste julihelga. Kampane gjekk over 2 x 30 minutt, men elles var det vanlege fotballreglar som galdt.
Banedekket på Bjoabanen er i praktfull stand. Når laurdagen skulle bli ein strålande sommardag, var det ingenting å utsetja på speletilhøva. Publikum var det litt verre med, men på ein dag som denne bør ingen bli forundra over at mange valde strandlivet i staden for fotballkamp. Blant dei som slikka sol på tribunane, var tyske badesandalar og kortbukse regelen snarare enn unntaket. Det var også mang ein berr manneoverkropp og ein og annan bikini å sjå langs sidelinja.
Skjoldar best
Etter to velspelte semifinalar, toppa underhaldningsverdien seg på godt og vondt i den hendingsrike bronsefinalen. I ein halvtimeslang andreomgang greidde GrannKam og Vats 94 å scora heile seks mål, og dommaren måtte samstundes dela ut to raude kort.
Under finalen såg det ut som at solreven hadde gått inn som reserve på begge lag. Periodevis gjekk spelet i slow motion, men tidvis var det også mykje god innsats å sjå.
Kampen var jamspela, men det var Skjoldar som hadde dei fleste og dei farlegaste angrepa. Csego Kalstveit spela ei viktig rolle på Skjoldar-laget, og han var kanskje banens beste spelar.
Trygve Meland burde ha gjeve Skjoldar leiinga tidleg i finalen, men han skaut utanfor ope mål frå fire meters hald. Rett før pause hadde Leif Arne Svendsbøe ein kjempesjanse, men Bjoa-keeper Stig Dommersnes avverga meisterleg. Heimelaget hadde flust med hjørnespark, men det kom aldri noko ut av dei.
I andre omgang kom Bjoa meir inn i kampen, og venstrevingen Kenneth Knutsen gjekk på det eine lange løpet etter det andre på venstrevingen. Ti minutt inn i omgangen fekk dei ein kjempesjanse, men Skjoldar-keeperen rydda opp. Dermed var det duka for at Alf Handeland kunne bli matchvinnar. Dryge ti minutt før slutt scora han kampens einaste mål.
Like før fløyta gjekk, var Bjoa åtte millimeter frå å utlikna, då Jøran Sørensen skaut på innsida av stolpen og ut. Nærare kom dei ikkje, og dermed kunne Skjoldar reisa heim med meisterskapstittel og eit velfortent premiefat.
Gjekk i pluss
Økonomisk sett var turneringa ingen braksuksess for Bjoa Idrettslag, men Tormod Sandsgård opplyser at det trass publikumssvikten blir nokre kroner i pluss etter arrangementet. I det praktfulle vêret var det ikkje berre på fotballkampane publikum svikta. Også under kveldsarrangementet hadde det vore plass til meir folk.