Skjoldar til topps

Det var Hafrsfjord som opna best i finalen i krinsmeisterskapen på Skjold stadion laurdag føremiddag. […]

Det var Hafrsfjord som opna best i finalen i krinsmeisterskapen på Skjold stadion laurdag føremiddag. Starten av finalen var prega av få sjansar for begge lag. Mykje av spelet gjekk føre seg på midtbanen utan at nokon av laga klarte å skapa noko stort. Men etter sytten minutt drog ein Hafrsfjord-spelar seg fri utanfor sekstenmeteren, og sette ballen til sides i mål bak Skjoldarmålvakt Jarle Rødde. Skjoldar kom ikkje skikkeleg i gang i fyrste omgang, og klarte ikkje å få samspelet til å fungere. Noko av grunnen til dette var at fleire av nøkkelspelerane deira mangla. — Første omgang var utan tru og motivasjon blant spelarane, seier kaptein for Skjoldar, Kurt Rødde.Trygve Meland drog til med eit langskot, men ein god Hafrsfjord-målvakt slo ballen til corner. Fleire gode sjansar vart det ikkje for Skjoldar før dei gjekk til pause.
Fekk til samspelet
Andre omgang gjekk mykje betre for Skjoldar. Rutinerte spelarar kom innpå og fekk fordelt ballen gjennom laget, og då viste dei heilt klart kven som ville vinna kampen. Berre to minutt ut i andre omgang fekk Skjoldar frispark rett utanfor sekstenmeteren til Hafrsfjord. Kurt Rødde sende frisparket rett i tverrliggaren, og Csego Kalstveit sette returen enkelt i nota bak Hafrsfjord-målvakta.
— Det fyrste målet vårt tente alle, og me viste at me ville vinna kampen, seier kaptein Kurt Rødde.
For etter det fyrste målet vart det ein klar Skjoldar-dominans på ein solrik Skjold stadion. Skjoldar fekk til samspelet, og det meste skulle visa seg å gå deira veg.
Kalstveit laga show
Csego Putso Kalstveit var ein av Skjoldar sine beste spelarar. Han viste flott teknikk ved å halde på ballen og fordele rundt på kantane. Eit kvarter ut i andre omgang kunne Kalstveit sette ballen enkelt i mål etter ein tabbe frå Hafrsfjord-forsvaret, og notere seg for den andre scoringa for dagen.
— Csego var ein av dei beste på laget i dag, og han jobba på heile kampen, seier Skjoldar-trenar Arne Grunnaleite.Skjoldar pressa på og skapte sjanse etter sjanse. 4-1-scoringa kom etter eit flott innlegg frå Odd Erik Egge som Kurt Rødde heada kontant i mål. Etter målet kunne Skjoldar kontrollert ro i land sigeren i krinsmeisterskapet i 6. divisjon.