Skjoldar utklassa Bjoa

6. divisjon menn avd. 4 Skjoldar- Bjoa 5-1 (2-0) 1-0: Kjerand Haugen (32. min) 2-0: […]

6. divisjon menn avd. 4
Skjoldar- Bjoa 5-1 (2-0)
1-0: Kjerand Haugen (32. min)
2-0: Atle Haugen (36. min)
3-0: Jan Borge (60. min)
3-1: Bjørn H. Sandsgård (66. min)
4-1: Bjørn L. Wannberg (79. min)
5-1: Leif A. Svendsbøe (87. min)
Om lag 30 tilskodarar
Dommar: Remi Landsnes, Torvastad
Gule kort:
Kjerand Haugen, Skjoldar
Bjørn Helge Sandsgård, Bjoa
Torgeir Sandsgård, Bjoa

Det var Skjoldar som opna best. Laget sprang rett i angrep og hadde fleire sjansar. Etter den gode starten sleppte dei Bjoa inn i kampen att, og det var ein periode bortelaget hadde kontrollen. Kampens største Bjoasjanse kom etter berre fem minutt. Berre ein veldig god Jarle Rødde i Skjoldarmålet hindra at Bjoa tok leiinga. Kampen kunne fort blitt ein heilt annan om den ballen hadde gått inn.
Bjoa heldt på kontrollen ei god stund. Skjoldar fekk til nokre gjennombrot, men det var Bjoa som hadde det største presset.
Midt ut i 1. omgang endra kampbiletet seg. Skjoldar tok over kontrollen og heldt trykket ut kampen. Etter ein halvtime spelt sette Kjerand Haugen inn 1-0 scoringa, og like etter var det klart for mål nummer to ved Atle Haugen. Før pause hadde Skjoldar sjansen til å gå til pause med ei tremålsleiing, men missa på ein god sjanse.

Ampert i varmen

I ca. 25 grader er det heitt å spele fotball. At det litt lettare enn til vanleg byrja å koke i toppen på spelarane er kanskje ikkje så rart. Dommaren hadde det travelt med å kontrollere hissigproppane, og delte ut tre gule kort. Litt heldig var det nok at ikkje fleire fekk sjå den fargerike kortstokken til dommar Remi Landsnes.
Etter eit kvarter kom mål nummer tre ved Jan Borge. Då gjekk lufta litt ut av Bjoa og Skjoldar fekk gjere som dei ville.
Etter ein omdiskutert situasjon fekk Bjoa straffe, som Bjørn Helge Sandsgård sette inn. I etterkant verka det som om begge parter var einige om at alt som skjedde var at Bjoaspelaren fekk krampe då han landa etter ein duell med Thomas Gausvik, og at dommaren såg litt feil då han trudde at spelaren vart lagt ned av Gausvik.
I det siste kvarteret fekk Skjoldar gjere som dei ville, og fekk to mål til. Kampen enda fortent 5-1 til eit godt Skjoldarlag.