Skoen sat i nevane

Det at han har vore to gonger på sjøen på fiske sist sommar, og at […]

Det at han har vore to gonger på sjøen på fiske sist sommar, og at han av og til tek øksa i handa for å kløyve ei vedskie, synest den vitale 105-åringen, Lars Halleland i Skånevik, ikkje er det minste rart.
Når han blir spurt om gode råd for å ha ei så god helse i så høg alder, humrar og ler han. Røykt har han gjort det meste av livet.
— Men eg drog aldri ned i lungene. Det trur eg er ein grunn til at eg har tola røyken så godt, seier han.
Einaste klaga er at han måtte ein tur på sjukehuset før jul. Det skuldast feilmedisinering, og sjukdomen vart konstatert å vere for mykje magesyre.
— Det fekk eg tablettar for, og nå er eg heilt god igjen, slår han fast.

Sportsinteressert
Alt av vintersport interesserer Lars Halleland meir enn mange. Han følgjer med i sportsendingane på TV, og på 105-årsdagen er det hopp han lur-tittar på medan dagen blir feira.
Når han blir minna om at gjestene øydelegg sendinga for han, repliserer han fort at han kan sjå sendinga i reprise.
Men det er ikkje berre på dagtid han ser på TV. Under meisterskap som blir arrangert i andre verdsdelar, står han opp og følgjer med også på nattestid.
På spørsmål om favorittar blant idrettsutøvarane, tenkjer han seg godt om. Han har tydeleg ikkje lyst til å favorisere nokon. Men til slutt seier han at han har stor tru på Roar Løkjelsøy i år.
Høyrsla sviktar litt, men det er ikkje vanskeleg å føre ei god samtale med jubilanten.

Skomakar
Heilt til for få år sidan dreiv Lars Halleland som skomakar. Dette yrket tok han over etter faren, som også dreiv som skomakar.
Når han får ein sko han har laga i handa, er det tydeleg at dette er noko han har vore glad i. Hendene formar seg kjærleg rundt skoen, som han laga til ei av døtrene for rundt 70 år sidan.
På spørsmål om kva han synest om dagens sko, meiner han dei ber preg av kjøp- og kastmentaliteten.
Sjølv laga han i si tid mange par beksaumsko.
— Men det svarte seg lite å lage sko, ein hadde meir igjen ved å reparere sko. Det gav mest forteneste.

Følgjer med utviklinga
Når det gjeld skåneviksamfunnet, har han klåre meiningar.
— Det er ei for dårleg utvikling i Skånevik nå. Hermetikkfabrikken skulle aldri vore nedlagt. Folk må reise for mykje vekk. Eg håper nokon kan finne på noko som hadde styrka samfunnet her snart, slår den vitale 105-åringen fast, før han set seg til kaffibordet saman med familie og venner i stova si i huset på Skålnes.