Skogsarbeid

Det er eit triveleg arbeid, og det gjev god matlyst og søvn. Det var meir […]

Det er eit triveleg arbeid, og det gjev god matlyst og søvn. Det var meir tungvint i dei dagar, med ei buasag og øks. Me var to mann på saga og låg på kne og drog i kvar vår ende. Det var ikkje alltid lett å komma igjennom store trær.
I den tid eg var gardbrukar var naboen min og eg i skogen og tok ut femti famnar bjørk. Prisen på den tid var 90 kroner per famn. Me tok 45 kroner av som me skulle dela, men me såg oss mon i dei ekstra kronene. Me var ikkje så storforlangande. I dag veks skogen over alt, me ser snart ikkje bort til naboen og fjellet forsvinn inn i skogen.
Eg minnes dagane i skogen. Det var ei gild tid når me sat rundt bålet og kaffikjelen stod på gruva og puttra. Då var det gildt å leva.

Ingvald Åsheim