— Vats Bondelag hadde innsamling av skrapjern i år. I løpet av fjorten dagar vart det 4,5 tonn av for det meste jordbruksstål. dette fekk me omlag 19.000 kroner for. Pengane vart automatisk førte over til Vindafjordtunet, fortel Arve Mjølhus, representant for bondelaget.
Innsamlinga gjekk føre seg i berre to veker, men Arve Mjølhus tykkjer at dette var positivt.
— Dersom ein ikkje har klare leveringsfristar, risikerar ein at skrapjernet ligg på oppsamlingsplassar i fleire månader. Då hender det også at folk kjem med anna avfall som gamle sofaer og liknande, forklarar Mjølhus.
Han opplyser at ved å samla inn jernskrapet gjer ein arbeidsforholda til bøndene tryggare, samstundes som ein tek vare på miljø og medverkar til gode føremål.
— Folk var kanskje ekstra ivrige med å levera skarpjernet denne gongen, fordi inntekta gjekk til å hjelpa noko lokalt – Vindafjordtunet, meiner Mjølhus.
God respons
Det er tomt i fellesstova, og morgon–tv er på berre for journalisten si skuld. Bente Barane, einingsleiar for Vindafjordtunet forklarar at det er litt tidleg på morgon for dei fleste som bur her. Dessutan er flatskjermen ennå ferskt nyhende på tunet.
— Det finst andre fjernsynsapparat på dei ulike avdelingane her, men dette fjernsynet er veldig gunstig når det er fleire som skal sjå tv. Dei eldre tykte at både bilete og lyd var betre på dette fjernsynet, samt at det også enklare å tyda teksten, seier Bente Barane.
Det store fjernsynet tek veldig liten plass og heng høgare. Dermed vert det meir synleg enn det tradisjonelle tv-apparatet. Bente Barane har fleire idear på korleis fjernsynet kan vera til nytte og glede for alle eldre på Vindafjordtunet.
— Me har tenkt å investera i ein del DVD-plater med gamle norske filmar. I tillegg har me lyst å laga til ei bildeframsyning med motiv frå heile kommunen. Ungane til dei som kjem på besøk kan også sjå teiknefilmar her, fortel Bente Barane.
Skrap vart til flatskjerm
— Vats Bondelag hadde innsamling av skrapjern i år. I løpet av fjorten dagar vart […]