Skrekkscenario ved ny flaum

Etter den siste flaumen i haust kopla gamle Ølen kommune inn både Norges vassdrags- og […]

Etter den siste flaumen i haust kopla gamle Ølen kommune inn både Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Statens vegvesen for å få vurdert situasjonen med tanke på tiltak.
Mest dramatisk er det om ein mur langs gangbrua på E134 gjennom sentrum skulle rase ut. Statens vegvesen er i ferd med å vurdere tiltak.

E134 på sandgrunn
— E134 ligg på sandgrunn i dette området, og elva grev ut på innsida av ein høg steinmur under gangvegen. Raser den ut er det ikkje godt å seie kva som skjer med E134. Eg er ikkje fagmann på dette området, men det blir meir enn gangvegen som rasar ut, seier Håkon Hustveit som i dag er eigedomssjef i Vindafjord kommune.
Han og tidlegare rådmann Arild Karlsen vurderte situasjonen etter siste flaum i haust og fann grunn til å alarmere NVE.
— Heile elva er usikker, og det er behov for å gjere noko skikkeleg for at folk i Ølen sentrum skal kunne sove godt om natta ved framtidige flaumar. Det er fleire ting som kan skje, og dersom muren ved E134 raser ut vil det få store konsekvensar for meir enn E134, seier Hustveit.

Manglar pengar
Satens vegvesen vurderer tiltak, men Grannar fekk i går ikkje kontakt med nokon på distriktskontoret i Haugesund som kunne svare på kva som vil bli gjort med muren mot elva.
Regionsjef Einar Beheim i NVE region sør, har ingen gode nyhende om at Eidselva gjennom Ølen sentrum vil bli gjort noko med raskt. Til det er det for lite pengar og for mange behov.
— Vi skal kome med eit svar til kommunen, og elva blir vurdert i aksjonsplanen vår. Men midlane står ikkje i høve til behovet. Det handlar om å dele på smular i så måte, seier Beheim.
Folka hans har vore både i Ølen og mange andre stader i Rogaland i haust for å vurdere flaumskadar og behovet for sikringstiltak.

Sandeid og Jørpeland
NVE blinka ut Jørpeland og Grautåni i Sandeid som dei mest akutte prosjekta i heile region sør. Sistnemnde er bekken som har skap så store problem i Østbøfeltet i Sandeid.
— Vi plukka ut Jørpeland og Grautåni og håpar på ekstra løyvingar frå sentralt hald. Men så langt har vi ikkje fått noko, og vi har ikkje budsjett som er store nok. Vi får håpe på revidert budsjett seinare i år, seier Beheim.
Når dette er dei økonomiske realitetane bak nye flaumsikringstiltak, har han altså ingen snarlege klarsignal å gi for elva gjennom Ølen sentrum.
— Andre er blitt prioriterte framfor denne elva, men det kan vere at den kjem inn på arbeidslista, seier regionsjef Beheim i NVE sør.

Kan ramme bygningar
Håkon Hustveit er ikkje i tvil om at behovet er stort i Eidselva. Han har vore med på fleire flaumar og har sett elva endre seg smått om senn.
— Det er runde steinar i murane dei fleste stadene som stadig rasar ut i elva. Vatnet kjem på innsida av murane og vaskar ut sand og grus langs heile elva. I tillegg grev elva seg djupare. Ein står i fare for å få større utrasingar og bygningar er utsette, seier Håkon Hustveit.
I tillegg til utvasking bak steinmuren ved E134, har NVE fått melding om at elveløpet under brua over E134 og parkeringsplassen må reinskast for stor stein. Det er delvis gjort av kommunen, men elveløpet er ganske trongt.

Nytt løp
Dersom murar rasar ut kan det føre til at elva finn nye vegar å gå gjennom sentrum.
— Ein kan få blokkering av steinar der elva finn seg nye leier. Då kan det bli mange kjellarar som blir fulle av vatn. Det er særleg flatene frå det gamle kommunehuset og mot elva som er usette, seier Hustveit.
Men når slike scenario vil tre inn, har ingen svar på. Han meiner det ville vere uforsvarleg å ikkje alarmere NVE om at heile elva frå Nerheim til sjøen er mogen for flaumsikring og tiltak. Han meiner også det er behov for tersklar for å dempe farten til vatnet i elva.