Skuffa over hærverk

Det er ferietid og få ungar i Ølensjøen barnehage, og det var dagen for å […]

Det er ferietid og få ungar i Ølensjøen barnehage, og det var dagen for å ta ein utflukt til den faste plassen barnehagen har i skogen der ungane får ta seg ut. Men vonbrotet var ganske stort då dei oppdaga at nokon har tukla med lavvoen og øydelagt diverse utstyr dei har der.
Søppel, flasker og glasbrot låg også sleng rundt.
For dumt
— Eg synst dei som har vore på ferde her bør skjerpe seg. Dei bør ha respekt for andre sine ting, seier May Tove Mestre i Ølensjøen barnehage.
Kollegaene Linda Thorsen og Monica Aarland er like skuffa over møtet med den faste leirplassen i skogen nord for idrettsplassen i Ølen.
— Vi skal ikkje blande oss bort i kva folk gjer her i skogen. Men dei bør la andre sine ting vere i fred og rydde opp etter seg. Det dei har gjort her er rett og slett for dumt og lite å vere stolt over, meiner Monica Aarland.
Dei meiner det er liten tvil om at det er ein barnehage eller skule som har ein leirplass av denne typen, og dei som har vore på ferde veit sikkert at det er barnehagen sin plass, trur dei.
Flasker problem
Festepunkt på lavvoen var rive opp og slengt rundt, men det var ingen store skadar på sjølve lavvoen.
— Den har vi berre hatt i to månader, så det ville vore ille med større skadar på den. Ein kan berre oppfordre om at lavvoen får stå i fred i framtida, seier Linda Thorsen.
Derimot er det lite å gjere med kubbestolar og tretallerkar som er brekte sund. Barnehagen ferdast også i andre delar av skogen mellom idrettsbanen og Oselva i Ølen, og ølflasker og glasskår må dei stadig vere obs på.
— Det er ikkje kjekt å bli møtt av ei elv full av tomme ølflasker. Konsekvensen kan bli at eit kjekt uteområde for barnehagen blir øydelagt, seier Aarland.
Ordne opp
Det har også skjedd at personalet har funne ølflasker inne på det innegjerda området til den nye barnehagen i Ølen. Barnehagen går på turar i skogen fleire gonger i veka, og det vil dei gjerne halde fram med.
— Dei som gjer dette her, bør tenkje på at ungar og glasskår ikkje er ein bra kombinasjon. Vi får håpe vi slepp fleire slike møte i framtida. Og dei som har gjort hærverk bør skaffe oss nye kubbestolar, meiner dei tre i barnehagen.