I ettertid har me snakka med venner som har gifta seg. Dei har opplevd det same. Presten har bestemd seg for songar før han kjem i samtale med dei det gjeld. Dei hadde fått ein kamerat av seg til å syngja i kyrkja, men han måtte stå på galleriet for ikkje å ta merksemda vekk frå det som skjedde framme i kyrkja. Me lurer no meir på om ikkje presten var redd at han som song skulle ta merksemda frå presten.
Etter det me veit så var ikkje Sigrid døypt i Fjæra kapell, men i Frette kapell.
Under kranspålegginga hadde besten til Sigrid lyst å lesa eit dikt han hadde skrive sjølv, viss han greidde det. Avtalen var at presten skulle gi eit lite vink for å sjå om besten reiste seg, viss ikkje skulle presten lese det. Dette skjedde ikkje, presten begynte å lesa det, så det blei kaos på fremste benk, og me klarte å stoppa han til slutt.
At songane skulle passa til det presten skulle snakka om er greitt nok det, men at han skulle stå og preika om kor kjekt han hadde det heime med huset fullt av barnebarn, og kor heldig nettopp eitt av desse barnebarna var som hadde ein far det stolte på når det hadde fått ei flis i fingeren, passa ikkje i det heile når me har mista vårt einaste barn og det einaste barnebarnet på begge sider. Så gravferda til Sigrid blei ikkje den fine stunda me hadde håpa på.
Då er det godt å vita at mange av dei som var til stades og har reagert, nokon så kraftig at dei heldt på å reisa seg for å stoppe presten.
Me er glade for at me har profesjonelle folk på Haukeland som tek seg av oss. Dei synest det er trist at me ikkje fekk den fine stunda som det kunne ha blitt.
Det heile toppa seg då me fekk brev i frå soknerådet, om Tripp Trapp treff. Det står så fint: «Til familiar som har hatt dåpsbarn dei siste tre åra..» osv. Me blei irriterte. Om ikkje soknerådet held greie på kven som er gravlagde så veit ikkje me…
Me har ikkje vore nokon flittige kyrkjegangarar til no, og kjem i alle fall ikkje til å bli det etter dette.
Me vil med dette takka helsesøster Margaret Bull-Tornøe for kjempegod støtte, vil og takka venner og naboar som har støtta oss i sorga og saknet etter vår kjære Sigrid.
Ingelin Stålesen og Sveinung Steine