Skulane manglar ein million

Innsparingane utgjer 7,5 lærarstillingar. Det er og lagt opp til ei innsparing på 1,5 mill […]

Innsparingane utgjer 7,5 lærarstillingar. Det er og lagt opp til ei innsparing på 1,5 mill for 2008. Det vil sei at ein må kutte ytterlegare 3-4 lærarstillingar etter nyttår 2008. Dette er dramatiske nedskjeringar for skulen!
Kva me har gjort :
Foreldrerepresentantane for alle skulane i Vindafjord drøfta saka på eit møte i Kommunalt Kontaktutval (FAU for heile Vindafjord) 8.2.07. Møtet kom i gong mykje p.g.a. kontakten me har hatt med fortvila foreldre som er redde for at ungane deira ikkje skal få den spesialundervisning dei har fått tilrådd frå PPT. Me såg at dersom desse sparetiltaka skal gjennomførast, vil det ramme ungane våre og Vindafjordskulen hardt.
Me har difor gått ut til kvar skule. Då fekk me vite kor mykje ressursar dei manglar for å kunne gi ei undervisning i tråd med Kunnskapsløftet, og som dekker dei største behova innan tilpassa opplæring.
Denne kartlegginga viser at skulane ikkje kan klare innsparinga utan at det går utover undervisninga. Dei treng i alle fall 1 million kroner ekstra for hausthalvåret enn det det er budsjettert med.
Får ikkje skulen desse pengane, vil det gå ut over kvar enkelt elev i Vindafjord:

• Elevar med særlege behov vil få mindre eller inga spesialundervisning. I dei fleste tilfella vil dette føre til at behova til desse elevane etterkvart vil verta enda større. Ved å kutte så mykje nå, har ein om eit par år mykje å ta igjen. Me tenkjer og på den unødvendige frustrasjonen ungane våre må igjennom ved at dei ikkje får den hjelpa dei treng. Dette er ofte barn som har nok å slite med frå før!
• Klassar blir slått saman til store grupper i fag som til dømes kroppsøving, musikk og kunst- og handverk.
• Det blir færre eller ingen delingstimar.
• Den tilpassa opplæringa som den enkelte elev har krav på, vil verte dårleg. Skulane kan ikkje gi tilpassa opplæring til alle med desse ressursane som er tildelt nå. Det går ikkje ut over berre dei som treng spesialundervisning, men kvaliteten på undervisninga til alle.
• Færre vaksne i skulekvardagen vil føre til meir uro og mindre hjelp til kvar enkelt.
• Det blir ikkje sett inn nok ressursar tidleg i skulegongen slik ein bør skal ein få gitt ungane ein god skulestart.
• Det blir ikkje pengar til leirskule.
Til slutt eit hjartesukk:
Me ønskjer å sende ungane våre til ein skule der dei får den opplæringa dei har rett på i eit godt læringsmiljø. Kunnskapsløftet er innført med mange flotte mål og visjonar. Vil de som politikarar i Vindafjord gi barna våre dette?
Frå
Åse Markhus Berge
Sølvi Grindheim Stople
Rune Vestbø
Astri Tjelmeland Tverå
for FAU i Vindafjord