Skulda for å ta snarvegar

Den manglande anbodsrunden av vass- og avløpsarbeidet i samband med bygginga av Etne Senter, som […]

Den manglande anbodsrunden av vass- og avløpsarbeidet i samband med bygginga av Etne Senter, som Grannar skreiv om 6. april, blei kritisert på kommunestyremøtet tysdag. Både Tollef Rullestad (Ap) og Audun Namtvedt (Frp) var sterkt kritiske til kommunen sin framgangsmetode.
— Dette er beklageleg. Eg spurte i ein post i februar om det var sett ut på anbod, eit arbeid til 1,8 millionar kroner. Eg trudde grensa for anbod var 500.000, sa Namtvedt.
— Eg håper ikkje dette er ein framgangsmåte ein har tenkt å legga seg på i kommunen. Eg håper det var ei eingongs arbeidsulykke, sa Namtvedt.
— Eg forstår kvifor det er gjort, men me må læra av dette så me ikkje kjem oppi det igjen. Eg er samd med Audun i at dette luktar svidd, sa Rullestad.
Entreprenør Ernst Grindheim seier at fleire entreprenørar i Etne jobbar med å skriva eit felles brev til kommunen, men ønskjer ikkje å kommentera det ytterlegare overfor Grannar.
— Me ønskjer ein dialog der rutinane for innkjøp i Etne kommune blir gjennomgått og endra for framtida, seier Grindheim.
Vurderer kontrollutvalet
Administrasjonen forsvarte arbeidet sitt med at senteret hadde hatt ein privat anbodsrunde, i tillegg til at dette var den mest praktiske og minst tidkrevjande framgangsmåten.
— Ein kunne løyst ei slik sak ved at før ein starta opp mellom tiltakshavar og kommunen kunne ein avgjort kva som var dei ulike partar sine delar og lyst det ut på eit felles anbod. Viss me hadde gjort det, hadde me ikkje klart å halda denne framdrifta, sa rådmann Elling Hetland.
Rullestad, som er leiar i kontrollutvalet, seier at dei kjem til å vurdera å ta opp saka i kontrollutvalet.
Underskreiv før godkjenning
På møtet kom det også fram rot rundt avtalen mellom kommunen og Gjerde Næring og Eiendom. I februar godkjente formannskapet avtalen, men fordi avtalen er av så stort omfang, skulle den også til kommunestyret for endeleg godkjenning. Men først tysdag, fleire månader etter at arbeidet var sett i gang, stod avtalen på saklista til kommunestyret.
— Det går for fort i svingane. Kva om kommunestyret stemmer ned den avtalen i dag? Det er det som er realiteten. Då sit me i alle fall med skjegget i postkassen, sa Rullestad.
Stemninga blei pinleg då det kom fram at ordføraren allereie hadde underskrive avtalen, før den var godkjent i kommunestyret.
— Denne saka skulle vore på kartet i februar, men datt rett og slett ut av lista og me oppdaga det ikkje før etterpå. Avtalen er underskriven av begge partar, og det er sjølvsagt beklageleg. Føresetnaden for avtalen var at den skulle til kommunestyret, sa rådmannen.
Ordførar Amund Enge (H) hevdar at dette ikkje var hans feil, men tar sjølvkritikk på at han burde sjekka saka nøyare. Det stod i sakspapira at avtalen var godkjent når formannskapet hadde sagt sitt, men dette var feil. For ordens skuld; avtalen blei godkjent av kommunestyret.