Den mjuke skulestarten hadde vatn som tema i år. Det blei laga til fire aktivitetsstasjonar knytte til dette elementet, og ungane kunne padla med kanoar, koka sjømat, fiska i Byrkjelandsvatnet og eksperimentera med vatn.
Variert meny
— Det er veldig kjekt å vera i naturen. Me lærer like mykje ute som inne, seiar Arne Egil Svortevik (12) bestemt. Han er ute ved Imslandssjøen saman med dei andre som skal læra å laga mat av planter og dyr ein finn i havet. Læraren, Hilde Bjelland Apelseth, fortel korleis ein et dei ulike typar skjell eller kokar ei nydeleg taresuppe.
—Ein skal helst plukka tare litt lengre ute i havet, og det smakar best med dei nye skota på planta, er hennar tips. Elevane er samla kring det provisoriske utekjøkkenet på stranda, rører med pinnar i grytene, og er klare til å smaka på forretten – kokte sniglehus.
Kunnskap og samarbeid
I starten verkar det som ingen er særleg svoltne, men oppmuntra av læraren, tek dei kvar sin tannpirkar og skraper sniglane ut or husa. Nå må dei smaka på dei. Helge Hymmelvoll (10) er den som kvir seg mest og let vera å smaka.
— Det ser ikkje godt ut og luktar vondt, er hans terningkast. Men Torjus Imsland (7) tykkjer at kokte sniglehus er veldig godt, og forsyner seg fleire gonger. Og dette vil han ha alvorleg bevis på:
— Skriv ned at eg har teke fem!
Berre eit steinkast frå «restauranten» er det liv i den andre aktivitetsstasjonen, der elevane driv på med naturforsking.
— Den største utfordringa under planlegginga av dette opplegget var å gjera det like spennande for dei store som for dei små, fortel rektor, Marita Lindal Haug, som har ansvar for denne stasjonen. Dei minste er mest opptekne av å utforska dyrelivet i akvariet der dyr og planter blei samla inn av dei eldre barna. Men utstillinga er langt frå ferdig. Bård Ersland (10) kjem med ein fin krabbe som han har fiska i sjøen.
Rektoren fylgjer også med dei som fekk i oppdrag å måla kor mykje vatn det er plass til i eit stort plastrøyr. Ho er spent på om dei hugsar på å måla vatnet før dei tømmer det oppi.
— Det er viktig at dei lærer å finna ut av ting, men for oss er det viktigast at ungane lærer å planleggja og jobba samen med oppgåvene, seier rektoren.
Padling og fisking
Dei andre stasjonane hadde eit meir avslappa program. Litt morgontrøytte i andleta er elevane kvikke til å navigera kanoane gjennom det store Ølmedalsvatnet.
Men dei som skulle fiska i Byrkjelandsvatnet, hadde ikkje hell med seg. Dagens lære var at når det er varmt i vatnet, går fisken djupare ned. Likevel var det nokre froskar og blodigler som let seg fanga, så fisketuren blei ikkje heilt mislukka.
— Me har lyst til å kombinera det faglege med det kjekke, og sånne dagar må me berre finna tid til, meiner rektor Marita Lindal Haug.