Skulle til Ølen – kom til Ålen

Polske gjestearbeidarar som skulle til Ølen bomma med 100 mil, og kom i staden fredag […]

Polske gjestearbeidarar som skulle til Ølen bomma med 100 mil, og kom i staden fredag morgon til Ålen i Sør-Trøndelag, melder avisa Arbeidets Rett.
Øyvind Unsgård ved Røros lensmannskontor fortel til avisa at arbeidarane rista oppgitt på hovudet då dei skjøna at dei hadde bomma grovt.
Feilen skal ha skjedd då polakkane skulle ta nattbussen frå Oslo til Ølen. Feillesing av ruta førte til at polakkane kjøpte billett med feil buss. Etter å ha nådd Ålen og funne ut at det ikkje var rett plass, gjekk turen vidare med tog til Røros. Politiet avslutta saka då polakkane stadfesta at dei hadde pengar til å komme seg til Ølen. Om dei kom fram, har ikkje Arbeidets Rett oversikt over, men det skal ikkje vera første gong dette har skjedd.
Tilsvarande har skjedd før då ein familie skulle reise frå Oslo til et asylmottak i Ølen.