Skyttarrekord i Ølen og Etne

Skytinga gjekk føre seg i Revehallen i Ølen og i Etne Kulturhus. — Alt gjekk […]

Skytinga gjekk føre seg i Revehallen i Ølen og i Etne Kulturhus.
— Alt gjekk som smurt, var tilbakemeldingane vi fekk, seier Elisabeth Lothe Nervik. Ho følgde skytinga i Revehallen fredag kveld og i Etne laurdag og søndag.
— Resultata er også veldig gode, poengsummane og plasseringane på resultatlistene vitnar om at dei lokale skyttarane gjorde det veldig godt. Ekstra gledeleg er det å sjå rekrutteringa, men vi kunne hatt med fleire jenter, legg ho til.
Sondre Tesdal Galtung vann klasse eldre rekrutt i Ølen og kom på tredje plass i Etne. Der var det Anders Hundseid som vann med heile 250 poeng etter omskyting (sentrum).
Kristian Eikemo vann klasse 1 i Etne. Klasse 4 vart vunne av Kenneth Østebøvik, Ølen i Revehallen. Johannes Hundseid, Etne kom på 2. plass i klasse 5 både i Etne og Ølen. Jentene er få, men ei av dei som skyt godt, er Lovise Amanda Hundseid, Etne. Ho vann rekruttklassa i Ølen og kom på 3. plass i Etne.
Torbjørn Nervik, Etne kom på 3. plass i jr. klassa i Etne.