Etnebonde Sigve Sørheim, styremedlem i Gilde Vest, er ordknapp til opplysningane Grannar har fått om at Gilde Vest i Sandeid, med sine rundt 60 arbeidsplassar, kan bli lagt ned.
— Det er ei arbeidsgruppe som har sett på strukturendringar i Gilde Vest. Gruppa, som er ei administrativ arbeidsgruppe, har jobba med saka i ein månad. Ho la fram forslag til endringar på styremøtet onsdag og torsdag sist veke. Men styret bad om meir informasjon for å kunna ta ei avgjerd. Saka skal derfor opp på ekstraordinært styremøte i Bergen 9. juni, seier Sørheim.
Nedgang i produksjonen
Sigve Sørheim stadfestar at det er bedriftsøkonomiske årsaker som ligg til grunn for eventuelle nedleggingar.
— Gilde Vest har tre avdelingar; Sandeid i Rogaland, Granvin i Hordaland og Førde i Sogn og Fjordane. På grunn av nedgang i produksjonen, har Gilde Vest i dag overkapasitet, seier Sørheim.
— Er det på grunn av konkurranse frå private slakteri, til dømes Fatland Ølen, at produksjonen har gått ned?
— Nei, det forholdet er som før. Grunnen er generell nedgang i kjøtproduksjonen, seier Sørheim, og stadfestar at færre bønder er ein av grunnane til det.
— Ein kan berre gå inn i tala, så ser ein det. Me hadde håpa på at me kunne ha det som me har det. Men det er økonomi og marknad som avgjer her òg, seier Sørheim.
Han vil ikkje seia noko om kven av dei tre anlegga som kan bli lagde ned.
— Etter at styret i Gilde Vest har komme fram til eit forslag, skal saka inn til konsernstyret i Norsk Kjøtt, som Gilde Vest er eitt av fem dotterselskap til, seier Sørheim. Han seier at styret i Gilde Vest kjem til å gjera sitt vedtak etter tilrådingar frå Norsk Kjøtt.
Han seier at det ikkje vil gå lang tid før endeleg vedtak blir gjort. På spørsmål meiner han at det berre er snakk om månadar.