Slappar av på Børkjenes

— Det har gått nonstop dei siste tre åra, seier Langhelle, og vedgår at det […]

— Det har gått nonstop dei siste tre åra, seier Langhelle, og vedgår at det er godt med ein pause, iallfall når smertene først har byrja å roe seg.
Han er sjukemeld til midten av mai etter at han sklei og skamslo seg i ei teatertrapp i Stavanger for få veker sidan. Det skjedde berre tre dagar før han skulle ha premiere på monologen «Natten rett før skogene» på Rogaland Teater. Etter påskeferie på Byrkjenes i Etne har forma verkeleg byrja å kome tilbake.
Langhelle er best kjend for rollene han har hatt i ei rekkje filmar og seriar. Den siste tida har han vore aktuell som Thomas Stockmann i den moderniserte Ibsen-filmen «En folkefiende», og som politibetjent i serien «Deadline Torp». Han har også spelt i, mellom mykje anna, «Tyven, tyven» der han hadde hovudrolla, og i «Jeg er Dina» og «Elling». No er han å sjå som journalist i den politiske thrillerserien «Ved kongens bord», som går på NRK om måndagane, og i den historiske serien «Draumen om Noreg».
Bål og krabbe
Denne tysdags ettermiddagen like over påske er det noko heilt anna det handlar om – nemleg bål og krabbefiske saman med eldste sonen på seks år. Skodespelaren bur i Oslo, men hadde oppveksten i Sandnes med lange ferieopphald i Skånevik og Etne. Fridagane legg han framleis dit så ofte han kan.
— Heile slekta mi kjem herfrå, forklarer han.
Med åra har også mor hans flytta tilbake, etter at ho arva hus og fleire mål eigedom i Årbakken på Børkjenes.
Langhelle byr på kaffi ved bålet i fjæra. Han snakkar rogalandsdialekt, men slår automatisk over til hovudstadsmål når han snakkar med sonen. Etter 20 år i Oslo er også det blitt ein del av han.
— Eg held ved like yrket gjennom dialektskifte, forklarer han, og seier at det også er naturleg for han å snakke skånevikdialekt.
— Men ein del basale dialektord gløymer eg.
Språkarrogante svenskar
Den neste filmen han dukkar opp i blir svenske «Harrys dötrar», som har premiere til hausten. Der spelar han mannen til den svenske skodespelaren Lena Endre. Med det same me er inn på å snakke om språk, vedgår han at han slår om til eit slags svensk når han er der.
— Men svenskane er språkarrogante, seier han.
— Nordmennene har lege under danskane og svenskane så lenge at me legg om. Det er typisk at me byrjar å «svorske», og så trur svenskane at me snakkar så lett forståeleg norsk.
— Kva for rolle har du likt best av dei du har hatt den siste tida?
— Det største for meg har vore rolla som Stockmann i «En folkefiende». Han er ein så utruleg samansett figur. Han er ei salig blanding av idealist og narsissist, og han er sjølvopptatt. Det var ei morosam og krevjande rolle, svarar Langhelle, og legg til at han også sette stor pris på å få jobbe med regissør Erik Skjoldberg.
— Det var gjevande, seier han, og siktar til både samarbeidet og rolletolkinga.
— Du føretrekkjer dei rollene som er mest utfordrande?
— Vil me ikkje alle utfordrast, undrar han.
— Blir du nervøs framføre ei rolle?
— Eg blir gjerne nervøs på teater under dei første publikumsframsyningane, men det trengst litt nervar. Eg blir ofte meir nervøs for å snakke med journalistar. På ei scene eller i ein film er du ikkje deg sjølv, i motsetnad til når du skal snakke med ein journalist. Men kva er det å vere seg sjølv? Eg byrjar no å få erfaring i det òg.
Lever mange liv
Det er stadig lyd i mobiltelefonen til den ettertrakta skodespelaren.
— Eg skrur den av, seier han, og meiner han har nok med å vere intervjuobjekt, far, bålpassar og svanematar den neste timen.
Snart kjem det fleire ungar frå nabolaget for å vere med på pølsegrilling.
— Korleis førebur du deg til roller?
— Då eg spelte politimann i «Deadline Torp», som var første gong eg skulle spele ein mann i live, reiste eg og budde hos han i Sandefjord. Eg observerte han og fekk historia frå han, svarar Langhelle.
— Men alt grunnarbeidet må ein hente frå seg sjølv. Eg synst det blir meir og meir viktig med forarbeid. Eg vil helst gjere så mykje som rå av det. Men det kjem også an på kven du jobbar med – kor mykje forarbeid dei vil ha. Nokon likar at ting skjer der og då, held han fram.
Mannen som eigentleg hadde planlagt å bli dyrlege, men som blei freista til skodespelarlivet etter eit år på folkehøgskule, må tenkje seg litt om før han finn svar på kva som fascinerar han med yrket han valde.
— Du får leve mange liv samstundes som du lever ditt. Og så er der godt å få bruke seg sjølv.
Las Ingvar Moe
— Korleis kjennest det å avslutte ei rolle?
— Det kan ofte vere vemodig. Med film jobbar du i små grupper og kjem veldig tett, og så er det plutselig over. Det kan opplevast litt som kjærleikssorg. Men det er noko du må lære deg. Mange seier det kjem to veker med depresjon etterpå.
I tillegg til roller i filmar og seriar, har Langhelle også spelt på dei fleste teatera i landet. Han har vore på alle scenane i Oslo, og han har også reist rundt med Riksteateret. Men no er det roleg ei stund, medan den skadde kroppen hans lækjer seg. Og han får også tid til å lese Ingvar Moe – ein av favorittforfattarane hans.
— Han er knakande god. Etter at eg las eit dikt av han i eit laurdagsportrett i Dagsrevyen nyleg, har eg fått sms og brev frå mange som har lurt på kven det var. Dei orda trefte mange.
— Ein trur ein er supermann og ikkje har grenser, men det er viktig å passe på seg sjølv. No kunne eg tenkt meg å vere her ei veke til og berre sitje og kope, seier Langhelle, medan han myser mot sola og fjorden.