Slår ring om middagen

Vindafjord eldreråd har tidlegare sagt at det ikkje har sterke meiningar om middagsstriden, som i […]

Vindafjord eldreråd har tidlegare sagt at det ikkje har sterke meiningar om middagsstriden, som i ettertid har blussa opp då det vart kjent at politikarane er positive til å leggje opp til kok/kjøl-middag. Kritikarane meiner at det like gjerne kan kallast oppvarma mat.

Formidlar uro
Men i det siste har leiaren av rådet, Dominikus Bjordal, blitt nedringt av eldre som har gitt sterke signal om at dei ikkje ønskjer å innføre eit nytt kjøkkenregime i eldreomsorga med ferdig middag pakka i plastposar eller vakuumpakning, og som kan varmast opp og serverast i inntil to veker etterpå.
— Folk har bede på sine kne om at den nye metoden ikkje blir innført. Spørsmålet har skapt uro blant eldre. Eg har ikkje greie på kjøkkendrift, men det er eit faktum at reaksjonane er slik. Eldrerådet si oppgåve er å leggje fram det dei eldre ønskjer, sa Bjordal.
Han hadde forfatta skrivet som eldrerådet vedtok å sende over til formannskapet.

Signal til politikarane
Eldrerådet viser til at Etne og Bømlo har vedtatt å behalde tradisjonell laging av middagar, og at Bergen er i ferd med å vende litt tilbake til tradisjonell metode.
— Måltidet er eit lyspunkt mange eldre ser fram til. No er politikarane usikre på om det er så mykje å spare. Difor bør politikarane gå gjennom dette ein gong til og sjå om det er rom for den maten dei gamle ønskjer, sa Bjordal.
Det var eit samstemt eldreråd som vedtok å gi dette signalet vidare til politikarane. Men Herdis Pedersen som har smakt middag etter denne metoden på Haraldsvang omsorgssenter, var langt frå sikker på om dei som var kritiske har smakt maten, eller har kompetanse til å seie så mykje om den.
— Mange er kritiske til den maten dei får i dag også, sa ho.

Middag i kantina
Laila Haugland stilte spørsmål ved omlegginga sidan det var lite å spare på grunn av investeringar. Vigleik Apeland tvilte på om prøvesmaking gir heile svaret på kvaliteten på maten fordi det ikkje er tilfeldig kva ein får servert.
Rådgjevar Hilde Haraldseide frå rådmannen sin stab, kunne forsikre eldrerådet om at middagsserveringa i kantina på Ølen omsorgssenter skal halde fram også dersom den nye kjøkkenordninga blir innført. Målet er å få til ei tilsvarande middagsservering ved Vindafjordtunet.