Etne omsorgssenter hadde i tredje kvartal i år 12,7 prosent sjuke. Av sjukepleiarane var 19,4 prosent sjukemelde. Skånevik omsorgssenter hadde totalt 5,3 prosent sjukefråvere.
— Me er bekymra for sjukefråveret hos alle yrkesgrupper. I siste kvartal har me hatt fleire sjukepleiarar som har vore langtidssjukemelde og det er det mest urovekkande. Tidlegare har det vore minst fråver blant denne gruppa, seier Sølvi Eide Lunde, senterleiar ved Etne omsorgssenter.
Sjukefråveret for pleie og omsorg i Etne kommune gjekk ned frå 2003 til 2004 og kan gå ytterlegare ned i år. Også ved Etne omsorgssenter gjekk sjukefråveret ned frå 2003 til 2004 og var det lågaste på fleire år med 7,9 prosent, men i år peikar pila i motsett retning igjen. Spesielt blant sjukepleiarane går tala i vêret frå 19,4 prosent i 3. kvartal i år mot 6,9 prosent i 2004. Dei to siste kvartala har sjukefråveret lege mellom 18 og 19 prosent blant denne yrkesgruppa.
— Me har ein høg gjennomsnittsalder blant dei tilsette, mange har jobba i 25-30 år innanfor pleie og omsorg. Det er eit tungt yrke med slitasje på rygg, hofter og nakke, i tillegg til at ein jobbar under press, men alt fråveret er ikkje arbeidsrelatert, seier Eide Lunde.
Ressursar
2. kvartal i år var sjukefråveret 14 prosent og er det høgaste sjukefråveret dei tre siste åra ved Etne omsorgssenter.
— Sjukefråveret hos oss er for høgt og det må me jobba endå meir konkret med. Eg prøver å følgja opp dei som er langtidssjukemelde, prøver å tilrettelegga arbeidsdagen, men det er avgrensa innanfor dei rammene me har, seier Eide Lunde.
— Gjer de nok for å redusera sjukefråveret?
— Utifrå tala gjer me ikkje nok, men me prøver så godt me kan. Når folk er sjukemelde, blir trykket på dei som er igjen større. Me har fått vikarar inn for sjukepleiarane, men den største utfordringa er å få inn vikarar for leiarane når dei er borte, seier Eide Lunde.
Kommunestyret har vedtatt at det skal sparast ein million kroner innan pleie og omsorg i Etne i 2006 og to millionar i 2007 og 2008.
Eide Lunde meiner at sjølv om dei nå er inne i ein innsparingsprosess, kan det også gjerast noko med omfordelinga av ressursane, men presiserer at det er eit politisk spørsmål.
— Tøyer strikken
Tillitsvald i Sjukepleiarforbundet, Grethe Sandven Sølvberg, peikar på låg bemanning som ei av årsakene til det høge sjukefråveret.
— Me er dårleg bemanna på sjukepleiarsida. Me er få sjukepleiarar og har mange oppgåver som skal gjerast. Arbeidspresset på alle grupper er stort, men nå spesielt på sjukepleiarsida. Ein tøyer strikken for å få ting til å gå rundt, seier Sandven Sølvberg.
I følgje Sandven Sølvberg går berre ein sjukepleiar utanom avdelingssjukepleiarane og senterleiaren i full stilling. Sandven Sølvberg meiner at grunnbemanninga må aukast og at ein må få fleire sjukepleiarstillingar for å redusera sjukefråveret.
— Det vil ikkje gi innsparingar på kort sikt, men på lang sikt vil det vera det beste for pasientane og dei tilsette. Det vil gi ringverknader for arbeidsmiljøet ved at det blir betre og at me får meir overskot. Kvaliteten på tenesta vil også bli betre, seier Sandven Sølvberg.
— Låg bemanning
Evelyn Alvseike, avdelingssjukepleiar ved heimetenestene ved Etne omsorgssenter, meiner presset på sjukepleiarane er stort.
— Når presset på sjukepleiargruppa blir stort, forplantar det seg vidare til dei andre yrkesgruppene, seier Alvseike.
— Me er inne i ein omorganiseringsprosess. Det er klart at det tar på folk. Ein skal sjå på korleis ein kan driva billegare, og me har allereie ei grunnbemanning som er marginal. Kjensla når ein då skal spara inn, det gjer noko med folk, seier ho.
— Me er for få hovud til å få det til å gå skikkeleg rundt. Det som går som ein raud tråd, er ei marginal bemanning. Det merkast godt når sjukepleiarar er sjuke. Det ligg nok noko der, men fråveret skuldast også andre ting. Folk skal ha sine permisjonar, feriar og det skal vera lov til å vera sjuk, seier Solfrid Vågen, avdelingssjukepleiar ved somatisk avdeling ved Etne omsorgssenter
Sju arbeidsgrupper er sette saman i samband med omorganiseringsprosessen. Ei av desse gruppene ser på sjukefråveret.
Ingen av sjukepleiarane Grannar har vore i kontakt med ynskjer å kommentera omorganiseringsprosessen.