Slit med nedrykkspøkelset

4. divisjon, avd. 02 Etne –Klepp 2 (2 -3) 5 -6 Etne Stadion 1 -0 […]

4. divisjon, avd. 02
Etne –Klepp 2 (2 -3) 5 -6
Etne Stadion
1 -0 Henrik Svendsen (straffe, 12. min)
1-1 (16. min)
2-1 Henrik Svendsen (19. min)
2-2 (37. min)
2-3(sjølvmål ved Tungesvik, 39. min)
2-4 (47. min)
2-5 (51. min)
3-5 Ove Straumsøy (54. min)
3-6 (79. min)
4-6 Ove Straumsøy (82. min)
5-6 Alf Inge Solheim (87. min)
Dommar: Paul Kaldheim
Ingen gule kort
Publikum: Ca. 20

Tre lag skal rykkje ned. Dersom det ikkje skjer noko med Etne sitt forsvar, går turen truleg ned i 5. divisjon. På måndag spela Etne til tider svært god fotball framover på banen, og scora fem mål. I tillegg hadde dei fleire gode sjansar. Likevel tapte dei kampen. Gode takter framover på banen, og ein stødig keeper, hjelper lite når forsvaret til Etne til tider lek som ein sil. Klepp 2 avgjorde kampen med sine velplasserte skot mot mål.
Sjølvmål
Kampens målkalas opna ved at Ove Straumsøy vart felt, og Etne fekk straffe. Den sette Henrik Svendsen velplassert i mål. 1-1 vart det ved corner til Klepp 2, her kunne Etne–spelarane gjort ein mykje betre markeringsjobb. Jørgen Øyjord fyrte eit godt frispark mot mål like etter, Henrik Svendsen pirka den forbi Klepp 2 sin keeper. Utlikninga kunne Thomas Rullestad i Etne-målet gjere lite med, eit lekkert langskot gjekk i mål. Ca. fem minuttar før pause, bomma Torgeir Tungesvik på ei klarering og skaut ballen i eige mål. Ei kjemperedning av Thomas Rullestad hindra at resultatet vart enda verre før pause.
Starten på andre omgang var eit trist kapittel i kampen for Etne sin del. På sju minuttar auka Klepp 2 leiinga frå 2-3 til 2-5. Eit mål av Ove Straumsøy pynta litt på resultatet ti minuttar ut i omgangen. Like etter får Etne frispark i fin posisjon, men Ove Straumsøy skyt ballen like utanfor. Svært mykje skjer det siste kvarteret av kampen. I det 79. minuttet aukar Klepp 2 leiinga til 3-6, og det ser motlaust ut for heimelaget. Likevel viste dei ein veldig flott innsats, som resulterte i to kjappe mål. Då det stod att tre minutt av ordinær tid, var stillinga 5-6. Sluttminuttane vart eit ampert drama. Spelarane gav alt. Det at keeper Thomas Rullestad sprang fram på corner og berre så vidt klarte å kome seg på rett side av banen i sluttminuttane, illustrerer dette. Etne hadde heilt klart fortent eitt poeng i det sure regnveret.
— Eg er nøgd med angrepspelet vårt, men saknar samhandling i forsvaret. Den dårlege og sleipe banen må også ta ein del av skulda for det svake forsvarsspelet, seier trenar, Martin Moe.