Ølen Idrettslag jubilerer med fredsmarsj

Ølen Idrettslag vart skipa i 1935, og har sidan den gong hatt ein jamn og […]

Ølen Idrettslag vart skipa i 1935, og har sidan den gong hatt ein jamn og god aktivitet i bygda. Like etter krigen var det ekstra stor interesse, sidan alle ville ta att for det dei hadde mista i krigsåra. Gjennom åra har idrettslaget vore aktivt innan dei fleste idrettsgreiner. I dei tidlegaste åra var dei spesielt aktive innan ski, friidrett og fotball. Det vart til og med arrangert eit hopprenn i Ølen i 1946, då var sjølvaste Birger Ruud til stades.
Populært gateløp i Ølen
Det tradisjonrike Nasjonale Gateløp i Ølen vart fyrste gong arrangert i 1967, og det var Peder Mosdal som kom med ideen. Løpet vart ein suksess og vart arrangert 2. påskedag i tretti år.
— Det vart slik at me ikkje klarte å fornya oss, og dermed svikta oppmøtet. No har Ølen Idrettslag eit nytt fast arrangement. Eit barneidrettstemne som går over tre kveldar i april/mai. Her får ungar, frå dei kan gå, vera med på springing, hopping og ballkast, seier vetaren i Ølen Idrettslag, Håkon Hustveit.
Store profilar
Gjennom åra er det nokre personar som skil seg ut som særlege profilar. Den mest kjende no er kanskje Andreas Hustveit som har hausta medaljar i OL, men også for nokre år tilbake var det ølensbuar som hevda seg. Håkon Hustveit vil særskilt nemne Lars Frode Leknes, Johan Brekke og Gunnar Hundhammer. Av nyare dato synest han òg Stian Haugland sine langrennsprestasjonar er verdt å nemne ved eit høve som dette.
Flaskehals å finne leiarar
Håkon Hustveit meiner den største utfordringa idrettslaget har stått ovanfor gjennom desse 70 åra, er å halde på beina eit miljø også utanom fotballen.
— Me har sett det gong på gong kor vanskeleg det er å halde oppe individuelle idrettar som friidrett og ski. Når ungdommen kjem i puberteten, sluttar dei fleste. Andre interesser kjem på banen då. Utan aktive utøvarar innan desse greinene, blir òg rekrutteringa dårleg. No har me ikkje friidrettstilbod i det heile, og skigruppa er flytta til Vindafjord, seier han.
Eit anna problem han synest er sentralt er kor vanskeleg det er for idrettslaget å finne leiarar og trenarar som er villige til å stå på over lengre tid.
Opptur å slå Etne
På spørsmål om kva som har vore dei største oppturane for idrettslaget gjennom desse åra, seier han at det er svært mange å ta av. Men det som kanskje skil seg mest ut er dei gongene ølensbuen har klart å slå Etne.
— Det var alltid ein kjempe opptur å slå Etne, då vart det liv i leiren, seier han og smiler.
Nye idrettar
I 1989 kom idrettshallen til Ølen. Den har hatt svært mykje å seie for idretten i bygda.
— Med hallen har me fått fleire nye populære idrettar. Me fekk først handball og etter kvart dukka også volleyball opp, seier Håkon Hustveit.
Han understrekar at bygdefolket er priviligerte som har ein så flott idrettshall. Det har til og med vore landskamp i volleyball i Ølen. Drifta av hallen er det dugnadskrefter i idrettslaget som står for. Lars Dalen har hovudansvaret og tek årleg ein intern kontroll, for å fange opp ting som ikkje er blitt gjort i løpet av året. Dette synest Hustveit er ein ideell måte å drive hallen på.
Saknar instruktørar
Håkon Hustveit seier det er mange flinke personar i Ølen, men kunne godt tenkje seg instruktørar som er ekstra gode på ulike idrettar.
— Tenk så flott om me kunne fått nokon profesjonelle til å lære ungar rett teknikk i høgdehopp. Eg kan godt prøva eg, men ser jo mi begrensing. Eg fekk ein gong høyre frå ei lita jente at når eg hoppa høgde, så blei det tjukkas på tjukkas, seier han og ler.
Von om meir samarbeid
Håkon Hustveit trur framtida til Ølen idrettslag hadde sett lysare ut dersom idrettslaga i Etne, Ølen og Vindafjord hadde inngått eit samarbeid. Han ser for seg eit felles idrettslag for alle tre kom prikke inn toppforma til rett tid. Det var berre to av 18-åringene som heldt større fart. Erik Sæves og Eirik Kurland Olsen var begge med på å bli juniorverdsmeistarar i stafett for to veker sidan. Dei andre 1987-modellene måtte sjå seg slått av den ambisiøse Vindafjord-løparen.

Best i fristil
— Eg har trena bra den siste tida og er godt førebudd til junior-NM. Målsetninga er å kjempe i toppen. Det klarte eg i dag. Vonleg går det like bra på laurdagens 7,5-kilometer. Hadde helst sett at distansen var litt lengre, seier Larsen til Grannar.
Thomas Vestbø er også spent på kva han kan utrette i god gammaldags diagonalgang. Andreårsjunioren legg ikkje skjul på at han er best i fristil. Den sindige tenåringen er mest komfortabel med skøyting.
— Eg har så langt oppnådd dei beste resultata i fristil. Eg gjekk på ein skikkeleg smell då det vart 13.plass i noregscuprennet i Stokke. I dag heldt kreftene heilt inn, seier Thomas Vestbø.