Slo ut telenettet

— Me har hatt ei betydeleg auke i talet på feilmedlingar frå Etne i perioden […]

— Me har hatt ei betydeleg auke i talet på feilmedlingar frå Etne i perioden etter helga, stadfestar Lars Hauge, informasjonsansvarleg i Telenor.
Han seier at finelektronikk er spesielt utsett ved torever, og han rår folk til å hugse å ta ut kontaktar. Operatørar frå Bravida har hatt ei travel veke med å skifte ISDN-boksar for Telenor. Etne Elektrisitetslag blei også oppringd laurdag etter toreskralla. Reparatørar derfrå måtte ut med det same for å skifte ein 100 kVA fordelingstransformator som var øydelagt. Den stod aust for Stødle kyrkje, og mange folk i dette området blei råka av angrepet frå naturen.
Trefte tre
Sokneprest Jens Olav Meland såg interessante spor etter naturkreftene då han tok seg ein tur i prestegarden etter at uveret hadde gitt seg. Den største grana på garden stod medtatt tilbake etter at lynet slo ned i tretoppen.
— Lynet byrja i toppen av treet og skrelte av bark nedover. Det er slått sprekker i stammen fleire plassar. Eg fann barkbitar 35 meter frå treet, fortel Meland.
Lynet hadde også tatt med seg fuglekassa, som låg slengt på bakken. Soknepresten trur angrepet kjem til å forkorte levetida til det gamle treet.