SLT-koordinator – ja takk!

Det er så lett å snakka om kor gale alt er andre stader, og så […]

Det er så lett å snakka om kor gale alt er andre stader, og så sløva me hen i syden-dvale over utviklinga i eigne bygder. Fort gjort.
Så var det den levande og trygge bygdo då. Me må nok ta et valg. Skal me bruka litt mindre tid på å sitja å sprikja med tedne i godstolen for å sjå på søppel-tv, ta oss ein sekspakning og planleggja neste egotripp. Eller skal me, for det har me all grunn til, inspirera kvarandre til å bli meir bevisste den egentlige situasjonen og gjere alt me kan for å bidra og samarbeida slik at det ikkje er så nødvendig for våre barn og unge å gå i rusfella.
Det blir meir viktig enn nokon gong å ha tilgang til arenaer der ein kan våga å ha det moro utan rus.
Det gjeld og ikkje minst vaksne. Rollemodellar.
I Bergen, vår fantastisk fine by, går dei i rusfella så det susar for tida. Snikande trendar kallar stiftelsen Bergensklinikkene det når det kjem fram at bergenserane er meir opne for hasj og kokain enn før. Og i tillegg drikk dei meir og meir. Rusmisbruk fører ofte og til psykiske plager, og Norge har ikkje sjans i dag til å gjere god nok innsats mht totalskadene rusmisbruket har ført til. I EU-landa bereknar ein ny rapport nå at det går med 952 milliardar kroner kvart år til alkoholskadar. Team for Psykisk Helse i Etne har teke initiativ til temadag om rus i Kulturhuset i Etne 28. september. Me støttar og fullt politiet sitt ynskje om SLT-Koordinator (samordning av lokale kriminalitetsforebyggande tiltak). Det står høgt på vår ynskjeliste. Og til slutt, ros til alle som gjer ein innsats for å trygge eit godt bygdemiljø og oppvekstmiljø.

Team for Psykisk Helse i Etne kommune,
Leif Arne Løvereide