Slutt på våroppryddinga

Eit strengare regelverk gjer våroppryddinga så kostbar at Haugaland Interkommunale Miljøverk har avgjort å kutta […]

Eit strengare regelverk gjer våroppryddinga så kostbar at Haugaland Interkommunale Miljøverk har avgjort å kutta ut den årlege våroppryddinga.
— Den siste tida er krava til deponi og kontroll av deponi blitt skjerpa kraftig inn. Ei så stor innsamling av avfall som våroppryddinga er, betyr svært mykje etterarbeid i kontrollering og sortering for oss. Dersom me skulle halde fram med denne ordninga, ville det blitt kostbart for abonnentane. Eg synest dette er ei usolidarisk ordning. Alle abonnentar betaler for den, men det er slett ikkje alle som nyttar seg av den. Regelverket seier at den som leverer avfall, skal betale for det, seier Jan Karl Lygre, administrerande direktør i Haugaland Interkommunale Miljøverk.

Gir og tar
— Betyr slutten på våroppryddinga at abonnentane får billigare avgift?
— Nei, me held oss på eit stabilt kostnadsnivå. Me gir og tar litt. I staden for våroppryddinga, kjem alle våre abonnentar til å få utdelt gratis matavfallsposar. Dette utgjer ein kostnad på 1, 5 millionar for oss. Eg satsar på at denne ordninga kjem i orden i løpet av 2009. Eg håpar også fleire etterkvart nyttar seg av tilbodet med den gule sekken vår. Den er å få kjøpt i butikkane i distriktet, og hos oss på Toraneset. Den er god å ha når det ein gong i mellom hopar seg opp med restavfall. Det er berre å plassera den gule sekken på sida av den vanlege dunken, så kjem me og hentar den, seier han.
— Trur du ikkje at ei avvikling av våroppryddinga vil føra til ytterlegare misbruk av miljøstasjonane?
— Nei, det er få personar som driv med dette. Folk flest er bevisst på å levera avfall på rett måte. Eg trur ikkje denne avviklinga vil generera til at fleire misbruker miljøstasjonane, seier han.

Fjernar ubemanna
Dersom styret i Haugaland Interkommunale Miljøverk godtar forslaget, blir det berre tre stader på Haugalandet ein får levera ekstra avfall i 2010. Haugaland Interkommunale Miljøverk, fjernar i løpet av dei neste åra alle ubemanna miljøstasjonar og containerar.
— Me opplever ein god del misbruk, spesielt på miljøstasjonen i Ølen. Me vel difor å kutta ut alle ubemanna stasjonar, og heller oppretta ein ny bemanna stasjon i Etne. Dersom alt går etter planen er den på plass i 2010, seier Jan Karl Lygre.
På den nye miljøstasjonen skal ein kunna levera grovavfall som lettare bygningsmateriell, restavfall, papp, papir, glas og kanskje farleg avfall. Stasjonen kjem til å bli bemanna nokre timar kvar dag, eller visse dagar i veka, seier Jan Karl Lygre.
Stasjonen kjem til å bli inngjerda og heilt stengt utanom opningstidene. Lygre har vore i kontakt med Etne kommune, og fått beskjed om at det fins ledig areal til ein slik miljøstasjon på Tongane i Etne.
— Dersom me ser at behovet er der, utelukkar me ikkje å opna fleire bemanna stasjonar dei komande åra, men i 2010 er det berre i Haugesund, på Toraneset og i Etne ein får levera ekstra avfall, seier Jan Karl Lygre.

Tre dunkar
I 2010 blir det også ei anna endring for abonnentane.
— Me innfører tre-dunk-system for alle. I tillegg til restavfall og matavfall, skal alle også få eigen papirdunk, seier Jan Karl Lygre.
Han trur ikkje folk veit kor alvorleg det er å forureina, og «juksa» med avfallsfjerning. Det er svært alvorleg å forureina og misbruka miljøstasjonane, og ein kan forventa kraftige reaksjonar dersom ein blir tatt på fersken. Dette er ei prioritert sak frå politiet, og ein kan forventa seg bøter og til og med fengselsstraff, dersom ein blir tatt for dette. Me i Haugaland Interkommunale Miljøverk har heimel til å gjera vedtak om opprydding, og til å senda rekning til dei ansvarlege personane dersom me må ta oss av oppryddinga, seier Jan Karl Lygre.