Blant mange deltakarar, trakk 6. klassingen Sveinung Kalstveit lege sjansen dei to laga produserte før pause.
La om
Også i 2. omgong var det svært lite som skjedde framføre måla. Skjoldar/Vats 94 nærmast på lange innkast og hjørnespark utan å setja Roy Onarheim i Finnås-målet på store prøvar dei første 25. minuttane av omgongen.
Trenar Geir Rasmussen la om til 4-4-2-formasjon og Skjoldar/Vats 94 klarte å setja meir press på dei raudkledde frå Bømlo. Den første sjansen kom 20 minuttar før slutt då Vegard Nordtveit kom seg fri på høgresida og avslutta med eit godt skot med venstrefoten som Onarheim var raskt nede på og fekk avverga.
Underhaldande slutt
Forsøket var ein forsmak på kva som skulle kome. Fem minutt seinare fekk Jarle Sjurseike sjansen, men klarte ikkje å pressa skotet frå 16 meter ned og ballen gjekk over tverrliggaren til Finnås.
Minuttet seinare fekk han ein ny sjanse då Vegard Nordtveit kom seg fri på høgrekanten og fekk lagt inn, men Sjurseike regelrett bomma på ballen.
Tolv minuttar før slutt var Nordtveit igjen i fokus. Eit langt innkast frå høgre vart stussa vidare av Jan Bauge. Der dukka Nordtveit opp og sette ballen kontant i mål med hovudet.
Og dei siste minuttane vart underhaldande i motsetning til resten av kampen. Minuttet etter utlikninga fekk Finnås ein stor sjanse til å skåra, men Jarle Rødde var raskt ute og hindra Finnås-angripar Roger Sæverud mål.
Men det var likevel Skjoldar/Vats 94 som var laget som klarte å produsere dei fleste og største sjansane. Difor var det ikkje ufortent at Vegard Nordtveit kunne setje inn 2-1 seks minuttar før slutt. Ei nydeleg pasning frå Einar Myre sendte Nordtveit åleine mot keeper. Nordtveit var sikker og laga sitt andre mål for kvelden og sikra heimelaget sigeren.
Auka forsprang
— Nei dette var ingen god kamp. Det vart veldig mykje strekk i laget, og det gjekk for halv maskin. Me la om til 4-4-2 når dei vart trøtte, og fekk fleire oppspelspunkt på topp. Dermed fekk me trøkk på dei, seier trenar Geir Rasmussen som sjølvsagt var svært nøgd med å ta tre poeng mot Finnås og auka forspranget til åtte poeng.
— No er det to lag det står mellom i toppen. Sigeren sat langt inne, men det viktige i dag var at me ikkje mista trua og gav opp. Det er jo dette som er herleg med fotball, gliser Rasmussen.