Små og store feira kommunen sin

Nærmare 2.000 personar hadde møtt fram for å sjå det fargerike fyrverkeriet til Hatteland. Deretter […]

Nærmare 2.000 personar hadde møtt fram for å sjå det fargerike fyrverkeriet til Hatteland. Deretter bar det vidare til idrettshallen for dei feststemte innbyggjarane.
Køen var lang for å komma inn, og mindre blei den ikkje seinare på kvelden då det var tid for kake og kaffi. Dermed fekk nokre av innbyggjarane merka konsekvensen av samanslåinga av Ølen og Vindafjord.
— Det merkast at det er blitt ein større kommune, kom det frå ein i køen som tålmodig måtte venta på å bli servert kake.
— Det er trongt å komma inn i denne kommunen, sa ein annan latterfull.
Den lange køen og store trengselen såg ikkje ut til å plaga folk. Tvert imot verka humøret til å vera på topp. Folk gav uttrykk for at dei kosa seg og sette pris på tilstellinga.
— Me vil få med oss når me går inn i den nye kommunen. Det kjem til å bli eit minne, seier Evelyn Veim (15) frå Ølen.
— Eg synest det er spennande og så er det mykje folk, seier Christina Haugland (15), også frå Ølen.
Ekteparet Sigfus Fossberg (82) og Ingebjørg Fossberg (77) frå Ølen nytta også høvet til å markera samanslåinga.
— Dette er ein gledens dag, seier Sigfus.
— Det er litt vemodig på same tid, men eg trur det vil gå bra, seier kona Ingebjørg om kommunesamanslåinga.
Dei var imponerte over den store folkefesten og det massive programmet.
— Det er kjekt at barn og unge får vera med og engasjera seg. Dei likar å stå på scena, seier Ingebjørg.

Kulturell breidde
Dei kulturelle innslaga stod i kø i løpet av kvelden og den samanslåtte kommunen fekk visa fram litt av breidda innanfor musikk, dans og teater. Korpset spela og koret song framfor ein fullstappa idrettshall. Solistane Ine Kleiveland og Anders Vaka viste fram sterke talent. Dei unge dansarane frå kulturskulen sjarmerte publikum og fekk dei med på rytmane. Også Bjoa 4H sine medlemmer viste gode evner innan skodespelarkunsten då dei framførte Eventyret om Bjoa. Revyinnslaga skapte god latter i salen, men det mest overraskande stuntet var gjerne då arrangementskomiteen stilte opp med ein rap om den nye kommunen, og ordførar Arne Bergsvåg rappa seg gjennom songen iført hettegenser.
Torunn Tvedt (54), Liv Ingunn Heie Medhaug (49) og Gunvor Feed (58) frå Ølensvåg var imponerte over programmet som var sydd saman.
— Eg synest det var kjempebra. Soloinnslaga var flotte, seier Tvedt.
— Det var fargerikt. Eg likte blandinga mellom korps og solo, seier Heie Medhaug.
— Eg trur det betyr litt for vidare framdrift når me får vera med på ein slik kveld, seier Feed.

— Fenomenal
Lars Vormestrand (62) frå Sandeid var også begeistra.
— Festen er fenomenal. Masse lokale folk, bra fyrverkeri, bra vêr. Og det er kjekt å sjå at det er folk frå alle bygdene her, seier Vormestrand.
— Det einaste minuset er at Etne ikkje er med. Då hadde det vore endå kjekkare, ler Vormestrand.
Ordførar Arne Bergsvåg strålte som ei sol og var svært glad for at så mange møtte opp.
— Me håpte på 500 og her er sikkert borti 1.000. Det var endå fleire som såg på fyrverkeriet. Det tar me som eit teikn på at folk vil vera med og markera den nye kommunen sin, seier Bergsvåg.