Smakebit av våren

«Det var knalltøft». «Åh, så fint». «Nei, så snedde». Lovorda sat laust blant publikum etterkvart […]

«Det var knalltøft». «Åh, så fint». «Nei, så snedde». Lovorda sat laust blant publikum etterkvart som mannekengane entra scena. Her var noko for eitkvart høve, einkvar smak og storleik.
I vår går det mot ein romantisk stil og kvinnene kan boltra seg i søte blonder, bolerojakker og smale bukser. For å nemna noko. Her står ein fritt, skal ein tru dei lærde. Motebiletet er prega av individuell fridom.
Pastell
Pastellfargane gjer seg meir gjeldande i vår. Beige, turkis, aprikos, brunt og rosa er sikre fargar. Også capribukser og shortsar blir mykje å sjå. Skjørt med vidde nede er eit sikkert kort, og med store smykke og vesker toppar ein antrekket.
På herrefronten dominerer jeans og innsvinga skjorter utanpå buksa. Også her kjem pastellfargane, men ikkje i så stor grad som hos kvinnene.
På beina er westerninspirerte støvlettar i brun- og beigetonar midt i blinken, i følgje Erling Ronæs ved Baardsen Eurosko. Høge kilehælar i beige, brunt, bronse og sølv blir også ein del av motebiletet til våren. I tillegg kjem eit innslag av 50-talet med pumps med t-reimar.
Glamorøse bruder
For den som drøymer om frieri, var det også nokre tips å snappa med seg til den store dagen. Det var som det gjekk eit drønn i salen då dei vakre brurene kom på scena og sette prikken over i-en for kvelden.
— Det skal vera litt meir glamorøst nå. Større kjolar og meir slør. Kjolane har litt meir farge, gjerne rosa, lilla eller gold-farga, seier Anne Askeland Eide ved Amor Brudesalong.
Vakre brudebukettar blei viste fram, og trenden går mot lyse, lange og smale bukettar, gjerne med eit innslag av orkidear.
Det var Jorunn Halsnes, innehavar av Jorunns Blomsterverksted, som arrangerte mannekengoppvisinga. Med omlag 170 tilskodarar, var ho svært nøgd med kvelden.