– Smaklaus og fargelaus mat

Den humørfulle kvinna frå Håland i Etne forklarer det slik at ho er komen i […]

Den humørfulle kvinna frå Håland i Etne forklarer det slik at ho er komen i reparasjonsalderen.
— Eg skal vidare på reparasjon i Haugesund om to-tre veker, men heldigvis er det berre undersåttane som har svikta, forklarer ho.
Ho er full av godord om Haukeland. Med eit unntak: Maten. Difor kan ho ikkje fatta at politikarane i heimbygda hennar vil dei eldre så vondt at dei skal måtta eta slik middagsmat.
Det høyrer med til historia at Håland også var innom Haukeland for tre-fire år sidan, og då syntest ho sjukehusmaten var betre.
— Dei har sabla flinke legar på Haukeland. Kjekke pleiarar. Dei har eg berre positivt å seia om. Brødmaten var god. Dei hadde eit sabla godt grovbrød. Men middagen var både smaklaus og fargelaus. Potetene var forferdeleg dårlege, seier Håland, som sjølv har erfaring med matlaging i stor skala frå kulturhuset i Etne.

— Spinngalne politikarar
Ho blei sjokkert då ho høyrde at det er nett denne maten kommunepolitikarane ønskjer å servera for dei eldre i Etne.
— Det var biringt. Har folk lite matlyst frå før, så blir det ikkje betre når dei får den maten. Om dei verkeleg vil at gamle folk skal slutta å eta, så må dei berre ta maten derifrå. Men det er jo lokale arbeidsplassar å tenkja på. Eg trur politikarane er spinngalne, humrar Helga Håland.
— Korleis trur du det var med vitaminer?
— Nei, vitaminene trur eg var usle. Eg likar nå grønsaker òg eg, men det var utkokt og smaklaust. Eg skulle gjerne hatt ein diskusjon med politikarane, for dei har irritert meg grøn mange gonger, legg ho til.
— Du kjenner vel ein del av lokalpolitikarane?
— Å ja. Eg kunne ha lyst til å kitla dei på halsen, nokon kvar av dei. Men, du må hugsa på kven som har valt dei, avsluttar Helga Håland med eit lurt smil.
Dersom einkvan av dei folkevalde i Etne kommunestyre vil veta noko om maten dei vurderer å kjøpa frå Haukeland, så er det berre å ta ein telefon til Helga Håland. Ho har 49 middagserfaringar å fortelja om, seier ho.