Smaksprøver frå Ølen

Sjølv om han er aleine frå Ølen, er han ikkje einsam på messa. Kvar av […]

Sjølv om han er aleine frå Ølen, er han ikkje einsam på messa. Kvar av dei ti dagane messa varer, er det 30-40.000 personar innom messeområdet.
— Til saman reknar dei med eit publikumsstal på 500.000. Det er ein jamn straum heile tida. Dei aller fleste som besøkjer messa er tyskarar. Men utstillarane kjem frå heile verda. Til saman 1639 utstillarar frå 53 land, fortel Svend Gundegjerde.
Han fortel at Grüne Worche er ei landbruksmesse som strekkjer seg over eit område på 115 000 kvadratmeter. Her er det alt frå mat, levande dyr, mykje vin og anna drikke, blomster, hageartiklar og mykje anna.
Godt mottatt
Gundegjerde seier produkta deira blir godt mottatt hos tyskarane.
— Det er i hovudsak lam me har med oss. I tillegg har me litt elgkarbonadar frå Edland Kjøtt. Me steikjer opp og deler ut smaksprøvar av marinert ytrefilet av lam, seier Gundegjerde.
— Kvifor har de satsa på lam?
— Svin og storfe kan me berre gløyma her nede. Me må ha noko eksklusivt å by på, og då har me funne ut at lam er det rette. Lam er lite nytta i Tyskland, så dei første gongene var publikum litt reserverte. Men denne gongen ser det ut som at dei har fått smaken på lam. Det er faktisk nokon som var her i fjor som har komme tilbake for å smaka i år også, seier Gundegjerde.