Smil og vemod siste dagen

— Eg synst det er vemodig, men eg ser også fram til det, seier kaféeigar […]

— Eg synst det er vemodig, men eg ser også fram til det, seier kaféeigar Anne Britt Grindheim, medan ho serverer gjestene siste dag på jobb.
Anne Britt har stilt seg ved bordet til to av stamgjestene: Gunnbjørg Ljusnes og Hildegunn Mælen. Dei to har hatt eit forhold til staden nesten heilt sidan Rodin Kafé og Snackbar, som den heitte den gong, opna i 1964. Ljusnes fortel at ho også har jobba i kaféen, medan Mælen har vore fast gjest i 35 år.
Det var Arnt Grindheim, far til Anne Britt, som starta staden. Han tok over kafédrifta etter Anna Fjøsne, så kaféen var for så vidt ikkje heilt ny i bygda då han kom inn i biletet. Arnt sette likevel sitt eige preg på kaféen. Sidan har Rodin vore ei familiebedrift. Tysdag sa Anne Britt takk for seg, og gav nøklane til nye eigarar.
Ein institusjon
— Hugsar du då det kom jukeboks, kjem det frå Mælen.
Anne Britt tar seg tid til ei lita mimrestund i den uvanleg travle og heilt spesielle arbeidsdagen. Ho tar også i mot både takketalar og blomstarhelsingar. Det er mange som vil vise at dei set pris på innsatsen ho og familien har gjort.
— Det blir spennande no. Dette har vore ein institusjon i bygda, slår Ljusnes fast.
Både ho og Mælen er samde om at Arnt Grindheim skapte ei spesiell atmosfære då han starta Rodin. Namnet var inspirert av omgrepet «road inn», og Grindheim tok impulsar frå verda inn i Etne. Det seiest at han var den første på Haugalandet som byrja med pommes frites – eller chips, som dei kalla det.
— Eg har høyrd mange gode historier om det, seier Anne Britt.
Jukeboksen sørgde for god musikk og rett stemning. I starten hadde også kaféen opne dører litt utover kveldane.
Trufast sjåfør
— Han kom med noko nytt til bygda. Han var knakande god til å lage mat, også så omgjengeleg. Alle kjende Arnt, seier Ljusnes.
Ho jobba både på den gamle Rodin, lengre nede i gata, og ho var også innom som arbeidskraft etter at eit nytt og større Rodin-bygg kom der kaféen ligg i dag.
Ein annan som har følgd trufast med Rodin, var også innom på tysdag: Olav Eide har køyrd brus til kaféen i 40 år, og tysdag leverte sjåføren siste faktura over disken til Anne Britt. Denne dagen fekk han marsipankake i retur.
— Eg kjem med familien om sundagane og et middag. Elles så har dei spandert. Eg likar kaffien og pannekakene spesielt godt, seier Eide.
Bakte ekstra
Ei framleis rørt Anne Britt konstaterer eit par dagar etterpå at talet på besøkande avslutningsdagen gjekk over forventing. Dei fleste som var innom kom frå lokalmiljøet, men det kom også folk frå Kvinneherad for å helse på. Marsipankakene gjekk i ein fei, og nye måtte bakast. Blant gjestene var nok også nokon forundra forbireisande som berre stakk tilfeldig innom.
— Det var som ein god sundag, seier Anne Britt.
For det er sundagar som var vore dei travlaste dagane på Rodin. Mange har tradisjon for å ta sundagsmiddagen der, og tradisjonskosten dei serverer har godt omdøme. Høgtidsdagar har også vore godt besøkte.
— No skal eg byrje å gå i tog 17. mai. Eg har ikkje hatt fri ein 17. mai sidan eg gjekk på ungdomsskulen, slår ho fast.
Smørbrøda, saman med dei unike blautkakene og pannekakene, er også noko av det folk assosierer med Rodin. Og pommes frites er framleis populært.
Livsstil
Den avtroppande kaféeigaren voks opp med familiekaféen, og ho byrja å jobbe så smått medan ho gjekk på ungdomsskulen. Sommaren 1984 gjekk ho i gang med full kaféjobb, med unntak av studieopphald i Trondheim og Bergen. I 2001 tok ho over kaféen.
Kafédrifta har vore ein livsstil, og ho legg ikkje skjul på at det er ein stor overgang å gje den opp. Avgjersla om å selje kravde mange vurderingar att og fram.
— Det har vore ein veldig kjekk jobb. No må eg tilpasse meg på ny, seier ho.
Framover vil småbarnsmora prioritere familien. Og kanskje blir ho ein av gjestene som sørgjer for at det framleis svingar i dørene på nye Rodin.