Helsesekretærane ved legekontoret, får tekstmeldingane rett inn på datamaskinen. Der kan dei leggja inn timebestillingar , og formidla førespurnadar om resept vidare til rette fastlegen. Alle innkomne tekstmeldingar skal vera svara på før helsepersonellet går frå jobb.
— Det fungerer veldig godt med timebestillingar på sms. Alle får svar frå oss før me går om ettermiddagen. Men dersom dei treng time same dagen, må dei ringja, presiserer sjukepleiar Doreen Halleland, som er ein av dei som tek imot og svarar på tekstmeldingane til 2097.
— Blir det overtid av dette?
— Nei, ikkje ennå, smiler Halleland, som håpar at sms-bestillingane kan ta vekk litt av trykket i telefonkøen.
— Er det helst ungdom som bestiller med sms?
— Nei, me har fått meldingar frå alle aldersgrupper, seier Lajla Skartland Eikeland.
Vent på stadfesting
Dei tre kvinnene som tek imot sms bak skranken, presiserer at sjølv om kunden får kvittering om at tekstmeldinga er komen fram, så betyr ikkje det at til dømes ein resept ligg klar til avhenting.
— Me prøver å få ordna med reseptar til dagen etterpå, men det er jo legane som må skriva dei ut. Pasientane får melding med sms når resepten deira er klar, lovar Grethe Hustveit Lærdal.
Tre kroner meldinga
Sms-tenesta Ølen legekontor bruker, vert driven av Trondheimsfirmaet Wap the Web AS. Pasientane sender meldingane til det firesifra spesialnummeret 2097. Det er viktig å hugsa på at dei skriv «Ølen» først i meldinga, elles kjem ho ikkje fram til rett legekontor. Deretter skriv ein namnet sitt, fødselsdato, og kva det gjeld. Det kan vera timebestilling, fornying av reseptar, eller andre ting.
Å senda ei vanleg sms-melding kostar frå 40 øre og oppover, avhengig av kva abonnement og kva telefonselskap ein bruker. Å teksta spesialnummeret 2097 kostar derimot 3 kroner, same kva abonnent ein har.
Verken Ølen legesenter eller Wap the Web tener pengar på å bruka teletorgvarianten innan sms-verda. Inntektene frå sms-ane er ikkje tilstrekkjeleg til å dekkja kostnadene ved å drifta tenesta, iallfall ikkje ennå-.
Først på Vestlandet
— Me leverer denne sms-tenesta til 40 legekontor på landsbasis, men Ølen legekontor er det aller første på Vestlandet. Det næraste me har, er Molde, forklarer Trond Nordby, som er marknadsansvarleg i Wap the Web.
— Det er eit ålment problem at det er vanskeleg å koma fram på telefon til legekontora. Når fleire brukar sms, håpar me at det vert lettara å koma fram på telefonen, for dei som treng å ringja, seier Nordby.
Sms skal letta telefonkøen
Helsesekretærane ved legekontoret, får tekstmeldingane rett inn på datamaskinen. Der kan dei leggja inn timebestillingar […]